Det skal vere kjekt å bu i Eid kommune, og alle innbyggjarane, både nye og gamle, skal kunne kjenne seg velkomne og ha mogelegheit til å finne seg til rette i eidasamfunnet.

Ein vanleg måte å bli kjent med nye folk på, er å gjere noko saman, gjerne ved å vere med i eit lag eller ein organisasjon. På innbyggjartreffet får folk vite meir om kva ein kan vere med på i Eid.

Det er Eid kommune som saman med Frivilligsentralen arrangerer treffet, som altså skal føregå i Operahuset Nordfjord søndag 11. september.  Saman med lag og organisasjonar ønskjer kommunen å vise fram kva ein har å tilby, gje nyttig informasjon og samstundes ei hyggeleg oppleving. Under den to timar lange samlinga blir det også ope bibliotek, gratis kino og lett servering. Lag og organisasjonar er inviterte til å bidra med program.

Kan få nye medlemmer

Det er mange lag og organisasjonar i Eid som slit med rekrutteringa og ønskjer seg fleire medlemmer, og det trengst mange frivillige for å få gjennomført ulike happeningar som opera og rockfestival.   Arrangørane håper at dei som vil ha med seg fleire på laget nyttar høvet til å få vist seg fram.

Innbyggjartreffet er først og fremst retta mot folk som har kome flyttande til Eid dei seinare åra, men alle som er på leit etter ein ny fritidsaktivitet og/eller har lyst til å bli kjent med nye folk bør møte opp.

Leitar etter aktivitet

Dagleg leiar i Frivilligsentralen, Astrid Grete Torheim peikar på at folk er i ulike livsfasar, og at behova endrar seg med tida, til dømes ved at ein blir einsleg eller får meir fritid.

–  Vi opplever at det er veldig mange som er på søk etter noko å gjere. Folk leitar etter ein aktivitet som dei kan vere med på saman med andre. Innbyggjartreffet er ein måte å sette folk i kontakt med andre som driv med noko som ein har lyst til å vere med på.

Kulturskilnader

Torheim har i mange år jobba med volontørar, ungdom som kjem frå ulike land for å vere i Eid for å jobbe frivillig og lære seg norsk språk og kultur. Ho fortel at det er store kulturskilnader mellom Norge og ein del andre europeiske land, og at eidarar, som andre nordmenn, vert oppfatta som reserverte og private. Det er ikkje så lett å bli kjent med dei som bur her og bli inkludert i eit etablert miljø. Vi har ikkje tradisjon for å møtast uformelt på gatehjørnet, eller invitere folk vi ikkje kjenner godt med heim på middag.

Informasjon om tilboda

Prosjektleiar i Eid kommune, Kristina Kostopoulos fortel at innbyggjartreffet vart arrangert for første gong i fjor. Det var vellukka med godt oppmøte, men det vart då arrangert om våren, noko som tidsmessig var litt uheldig sidan mange lag og organisasjonar går meir eller mindre i dvale om sommaren. Ved å legge årets arrangement til hausten, samsvarar det betre med at aktivitetane startar opp att etter sommarferien og ønskjer nye og gamle medlemmer velkomne.

Det er over 200 meir eller mindre aktive lag og organisasjonar i Eid, og dei er inviterte til å møte opp for å informere om sine tilbod. På same måte som i fjor får dei høve til å ha sin eigen stand i foajeen. Kostopoulos understrekar at ein slett ikkje treng å ha med fancy plakatar og anna materiell. Det viktigaste er at det kjem nokon som kan vise eller fortelje om aktivitetstilbodet.

Innbyggjartreffet er for både store og små, og 4H er utfordra på å arrangere noko ute for å aktivisere barna.

Slik er det her

– Eitt moment med innbyggjartreffet er inkludering av våre nye landsmenn. Dei må få vite at her møter vi folk i aktivitet, at ein bør melde deg inn i noko for å bli kjent med folk, seier Eid-rådmann Åslaug Krogsæter.

– Vi må fortelje folk at det er slik du omgås folk her. Ein er saman via ein aktivitet. Vi vil gjerne ha noko å gjere på saman, supplerer Kostopoulos.

Inviter naboen med

Det er ikkje så ofte folk har lyst til å gå åleine på eit arrangement. Arrangørane oppfordrar difor deg og meg til å invitere med nytilflytta og ta turen til innbyggjartreffet, gjerne også på andre aktivitetar, slik at dei ferske eidarane lettare blir ein del av eit miljø, trivst og blir buande i bygdene våre.

– Vi ønskjer å ta på alvor at folk skal føle seg inkluderte. Målgruppa for treffet er alle innbyggjarane i Eid, men nytilflyttarar er spesielt velkomne, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.