Det deltok ti lag i klasse gutar 16 år 11’ar i årets Hessa Cup. I gruppespelet var Eid i pulje med Aksla 2, Førde 1, Skåla IL og AaFK. Eid vann 4-1 over Aksla 2, spelte uavgjort 2-2 mot Skåla IL, tapte 2-3 mot Førde 1 og vann 3-0 over AaFK i gruppespelet. Dermed gjekk Eid til A-sluttspelet som nr. 2 i gruppa.

– Utruleg kjekt

I A-sluttspelet vann Eid først 4-2 over Aksla 1. Deretter vart det siger 2-0 over AaFK i semifinalen. I finalen vart det siger 7-5 over Aksla 2 etter straffesparkkonkurranse. Stillinga etter ordinær tid var 2-2, og kampen gjekk til ekstraomgangar. Der scora ingen av laga. I straffesparkkonkurransen scora Eid på fem strake straffespark, medan Aksla 2 bomma på sitt fjerde. Dermed kunne Eid ta pokalen med heim.

– Det var utruleg kjekt å sjå kor hardt gutane jobba for kvarandre. Sjølv om Aksla 2 var best spelemessig i finalen, handlar det om å ta sjansane og utnytte dei. Det klarte gutane i finalen, seier lagleiar Frode Bakke.

– Dei spelte heile fire kampar på 2 x20 minutt laurdagen, så det var eit skikkeleg tøft program, seier Bakke.