Visjonen til verksemda er: «Nordfjord ein stad å bu».

– Det er ein god visjon synest vi. Det er her vi trivast og vil bu, men vi er avhengige av kvarandre. Mange større verksemder flaggar ut, det har vi ingen planar om gjere. Men vi opererer i ein tøff marknad, med mange gode konkurrentar, både norske og utanlandske, seier leiar for prosjektsal Hans-Roger Starheim.

I dag produserast det mellom 1400–1500 vindauge og dører i veka, og det går ut mellom åtte og ti vogntog kvar veke frå fabrikken på Øyane. I hovudsak til Austlandet, men også lokalt på Vestlandet. Verksemda leverer mykje til nybygg, men også til rehabiliteringsmarknaden.

Rundar kanskje 200 millionar

Per i dag ligg ein framfor budsjettet og om ein held same tempoet framover hausten, kan det sjå ut som om ein kan produsere for 200 millionar kroner i vindauge og balkongdører. Det vi i så fall vere første gang verksemda har ei så stor omsetting.

– Vi har svært stor aktivitet på fabrikkane våre no, men vi har kort horisont på produksjonen, og kan berre sjå fem-seks veker fram i tid. Dei fleste vil ha vindauga sine om våren, fordi dei vil ha tette bygg før vinteren, det gjer at produksjonen vår blir sesongbasert, og vi må gire opp og ned alt etter ordretilgangen, forklarer Starheim.

Talet på tilsette varierer alt etter sesong, og nokre gongar må dei permittere. Det er ikkje uvanleg å permittere i periodar med lite ordre, eller gå frå to til eitt skift.

– Slik er det berre i denne bransjen og vi må gjere det beste ut av det. Dette er noko vi har lært oss å leve med, seier Starheim.

I dag er dei 165 tilsette i verksemda, med ei stabil arbeidskjerne som har arbeidd der i mange år. I administrasjonen er dei 30 tilsette som er knytt til sal, ordre, produktutvikling, HMS (Helse, miljø og sikkerheit) og økonomi, medan resten arbeider i prosessen. Trevareindustrien har tradisjonelt sett vore mannsdominert, men dette har endra seg dei siste åra, og per i dag er det om lag 30 prosent av arbeidsstokken som er kvinner. Verksemda arbeider også tett med høgskulen, og tek inn lærlingar.

Strengare dokumentasjon

Dei siste åra har Norgesvinduet fått på plass både EPD-godkjenning (produktets miljø-fotavtrykk i produktets levetid). Og SINTEF teknisk godkjenning på produkta.

– Frå myndigheitene si side er det stadig strengare krav til dokumentasjon og i eigenskapar på leverte produkt til eit bygg. Dette medfører også strengare krav til oss som produsent av desse produkta. For oss er det viktig å ligge i forkant av krava slik at vi kan vere eit referansepunkt i marknaden når våre kundar skal prosjektere, planlegge eller gjere innkjøp av produkta, forklarer han.

Spesialprodukt på Haugen

– Vel 20 av dei tilsette arbeider i verksemda på Bjørlo Haugen. Her produserast i hovudsak spesialprodukt retta mot prosjektmarknaden. Dette er vindauge som er innadslåande, og ofte nytta i offentlege- og næringsbygg. Som regel er det kompliserte arkitektteikna produkt, og kan vere krevjande å produsere, legg han til.

Kjerneved

Før vart treverket impregnert med giftstoff for å hindre sopp og ròte. Men auka fokus på miljø gjorde at betre alternativ vart funne. I 2005 fekk verksemda den nasjonale miljøprisen «Glassbjørnen» for innsatsen i å fjerne giftig impregnering i treverk som skal hindre sopp og ròte. NVB gjekk då over til å levere alle vindauge og dører med kjerneved av furu/lerk som standart på vêrutsette delar. Kjerneved av furu/lerk er ferdig impregnert frå naturen sjølv.

Råmaterialet kjerneved, vert produsert i nær Gdansk i Polen av eit dotterselskap som Norgesvinduet Bjørlo har etablert der. Glaset vert levert av underleverandørar. Alle vêrutsette delar på våre produkt leverast som standard med miljøvennleg kjerneved, ferdig impregnert frå naturen sjølv. Harpiks-syrer i kjerneveden motverkar soppangrep og ròte. Dei mest kjende naturlege antisopp- og beskyttelsesvæsker i furua er tjære og harpiks. I tillegg er omtrent alt som går ut av fabrikken ferdig malt.

– Vi ser at fleire produsentar ser på denne løysinga, og sjølv om det er over 10 år sidan vi fekk prisen, er miljøprisen minst like høgaktuell då ingen har komme med noko som er betre for miljøet, seier Else Skålbones, leiar for ordrekontoret.

Med frå A til Å

Eit vindauge har mange forskjellige eigenskapar, som kunden er interessert i: støydempande, solbeskyttande, brannvernsglas, energisparande glas, spesialglas, dekorglas, sikkerheitsglas og sjølvrensande glas.

– Vi kan bidra til å finne dei mest økonomiske løysingane for det aktuelle prosjektet heilt i starten, og vere med på planlegginga for å vise kva som er muleg å få til med dei produkta vi har, seier Morten Smørdal som er leiar for salskontoret.

Ofte er seljarane tidleg inne i planlegging av bygg, og dei deltek aktivt opp mot arkitekt, byggherre eller entreprenør med tanke på å finne dei beste tekniske løysingane.

Sjølv om NVB er ei tradisjonsrik og snart 100 år gammal verksemd, er den heilt klart ei høgteknologisk bedrift. Per i dag har dei over 30 personar som er knytt til PC som arbeidsverktøy, samt at maskinane som nyttast i prosessen er stadig meir krevjande og automatisert. Dette set også større og strengare krav til den enkeltes kunnskap i prosessen.