Utforkøyringsulykker er den største ulykkestypen, med 38 prosent av alle ulykkene i 2015. 42 personar døydde i utforkøyringsulykker i fjor.

− Det ligger mykje sorg og liding bak desse tala, seier Guro Ranes – som leiar arbeidet med trafikktryggleik i Statens vegvesen.

Ulykkesanalysar

Møteulykkene er den nest største ulykkestypen med 28 prosent av alle ulykkene i 2015. Dette kjem fram av Statens vegvesens årlege analyse av dødsulykker på norske vegar.

− Vi har analysert alle dødsulykker på norske vegar sidan 2005. Med unntak av 2013 har det vore ein klar nedgåande trend i talet på møteulykker, seier Ranes og viser til at det som regel er fleire faktorar som er medverande til at ulykker skjer og at ei ulykke blir ei dødsulykke.

Farlig sideterreng

− Vi ser at farleg sideterreng medverkar til skadeomfanget i 19 prosent av alle dødsulykker og i 46 prosent av alle utforkøyringsulykker. Sikring og utbetring av sideterrenget til vegen er derfor eit viktig tiltak. Her har staten, fylkeskommunane og kommunane eit avgjerande ansvar for å bidra til å betre forholda, seier Ranes og legg til at analysane også viser at manglande dyktigheit hos sjåførane er ein medverkande faktor i heile 48 prosent av ulykkene.

− Dette er ofte eit resultat av at førarane har lite erfaring og kunnskap, noko som igjen fører til feilvurderingar og uansvarleg åtferd i trafikken.

Høg fart

Høy fart er framleis ei viktig årsak til ulykker.

− Vi har berekna at høg fart var ein medverkande faktor til 34 prosent av alle dødsulykkene i 2015. Med høg fart meiner vi anten at ein har køyrt for fort etter forholda som var på vegen då ulykka skjedde, eller fart som var langt over fartsgrensa. Samanhengen mellom høg fart og alvorlege ulykker er sterk og godt dokumentert, seier Ranes.

Fotgjengarar framleis utsette

Fotgjengarulykker er den tredje største ulykkestypen, med 13 prosent av alle dødsulykkene i 2015. Med unntak av 2012 har det vore ein jamn nedgang i denne typen ulykker sidan 2008, men likevel var det 13 fotgjengarar som ble drepne i trafikken i 2015. Totalt døydde 117 personar på norske vegar i 2015, noko som er det lågaste tal.et registrert sidan 1947.

Statens vegvesen rykkjer ut på alle dødsulykkene på norske vegar. Djupneundersøkingane og analysane gir kunnskap for det vidare trafikktryggingsarbeidet – både på kort og lang sikt, på ulykkesstaden spesielt eller i trafikken generelt.