− Vedtaket er ein god kombinasjon av sal, framhald av eigarskapen og eventuell seinare utgang. Avtalen vil gje heilt naudsynte økonomiske musklar for fylkeskommunen til mellom anna å drive tenesteproduksjon framover til det beste for innbyggjarane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Avtalane med Havilafjord AS har kome til etter sonderingar og etter kvart forhandlingar mellom partane i perioden 5.- 17. august, med nokre endringar etter handsaming i fylkesutvalet 24. august.

Avtale om sal av Fjord1-aksjar

I vedtaket ligg det at F1 Holding AS, fylkeskommunen sitt eigarselskap, sel aksjane i Fjord1 AS til Havilafjord AS. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at F1 Holding AS fyrst sel 26 % av aksjane no. Havilafjord AS har så ein rett til å kjøpe resterande 33 % mellom 1. januar 2017 og 31. mars 2019, medan F1 Holding AS har rett til å selje resterande 33 % til Havilafjord AS mellom 1. januar 2019 og 28. februar 2019.

Kjøpssummen frå Havila-konsernet er på 1,065 mrd. kr.

− Dette har vore ein lang og krevjande prosess for alle i den kanskje største saka som er handsama i fylkeskommunen i vår tid. Det at vi no har lukkast å komme fram til ein avtale er eit resultat av godt samarbeid og ikkje minst evne og vilje til å løyse saka, og ein prosess som har heva verdien av selskapet, seier Jenny Følling.

I saksutgreiinga heiter det at ein aktiv, offentleg eigarskap i eit privat selskap som Fjord1 blir meir og meir krevjande for fylkeskommunen etter kvart som konkurransen i bransjen aukar og statlege krav vert skjerpa. Rollekonflikten mellom fylkeskommunen som majoritetseigar og kjøpar av tenester er heller ikkje enkel. Dessutan vert delar av verdiane av aksjeposten realisert alt no.

− Eg vil takke alle som har bidrege til at vi no fekk ei god løysing på saka som sikrar ei god økonomisk avtale, hovudkontor i Florø og regional forankring. Spesielt vil eg takke fylkesutvalet, styreleiar i Fjord1 AS Pål W. Lorentzen og dagleg leiar i Havilafjord AS Per Sævik for at vi no kan setje eit verdig punktum, avslutta fylkesordføraren.