Det er krav om 30 treningsskot før ein kan skyte opp, og desse må takast over minimum to kveldar. Fram til no har det vore godt oppmøte dei siste vekene på skytebanene rundt om på Eid.

På Haugen og Tua er siste dag for jaktprøve tysdag 30. august. Og på Hundeide er siste dag 31. august. Leiarane for skyttarlaga rundt om, melder alle om godt besøk dei siste vekene.

– Vi ser ei aukande interesse for jakt, og fleire kjem tilbake og trenar etter at jaktprøva er tatt, det er positivt. Ein treng å behandle børsa meir før jakta startar, seier Ove Bjørlo i Eidsbygda skyttarlag.