Dette stadfestar dagleg leiar i UNU A/S, Arve Idar Utnes.

– Vi er no inne i ein prosess der vi teiknar om prospektet, for å prøve å få realisert eit leilegheitskompleks. Dette arbeidet er ikkje ferdig enno, seier Utnes.

Han kan ikkje på det noverande tidspunkt seie om prosessen vil føre til at det igjen kjem leilegheiter for sal i «Englundbygget».

– Det vil prosessen framover vise. Førebels er det umuleg å seie om dette blir noko av, seier Utnes.

Vurderer rimelegare leilegheiter

Det var til Påsketreffet i Operahuset Nordfjord i fjor at UNU A/S presenterte eit leilegheitskompleks over tre etasjar. Der vart det vist fram animasjonsfilm av korleis bygget og utsikta ville bli i det som skulle få namnet Englundtunet.

– Det blir eit flott bygg med leilegheiter av høg standard, sa Kent Rune Bugjerde i UNU A/S til Fjordabladet før presentasjonen på Påsketreffet i fjor.

Dei opprinnelege planane inneheldt blant anna heis til leilegheitene i andre og tredje etasje, med generelt høg standard og relativt høgt prisnivå. Fasiten er at det ikkje vart tilstrekkeleg mange sal til at prosjektet kunne setjast i gong.

– Dersom vi kjem i mål med eit nytt konsept, vil det bli leilegheiter til ein rimelegare pris, seier Arve Idar Utnes.

Vil avklare framdriftsplanane

Det har i lengre tid vore dialog mellom Eid kommune, eigarane av bygget og UNU A/S.

– Vi vil ta kontakt med UNU A/S denne veka for å få avklart stoda, sa plan- og utviklingssjef i Eid kommune, Kristine Dahl, til Fjordabladet onsdag.

Dahl understrekar at det må kome konkrete framdriftsplanar på bordet for at Eid kommune ikkje skal vurdere å setje i gong tiltak.

– Frå Eid kommune si side er det ikkje ønskjeleg at bygget blir ståande over lenger tid som i dag, seier plan- og utviklingssjefen.

Kan bli riving

Dersom det etter avklaringsmøte med eigarar og prosjekthavar viser seg at det ikkje er realistisk med utbygging innan rimeleg tid, kan det ende med at Eid kommune sender ut førehandsvarsel om riving av bygget.

– Først må vi endeleg få avklart vidare framdriftsplanar frå eigar og prosjekthavar. Deretter kan situasjonen vise seg å vere slik at vi må vurdere om bygget slik det står i dag er i strid med plan- og bygningslova, og om dette gjev grunnlag for pålegg om riving, seier Kristine Dahl.