Namnet på samarbeidet blir Skatteoppkrevjaren i Gloppen og Eid, og kontoret skal vere lokalisert på Nordfjordeid.  Føremålet med samarbeidet er å skape eit sterkt fagleg miljø, og eit framtidsretta kontor til beste for innbyggjarar og bedrifter.

Eid kommune har ved avtaleinngåing to årsverk knytt til to stillingar innafor skatteoppkrevjarkontoret, medan Gloppen kommune har 1,7 årsverk knytt til to stillingar.

Ved samordning av disse to kontora, vil ein få 3,7 årsverk fordelt på fire stillingar.

Den eine tilsette i Gloppen kommune vil slutte i stillinga ved nyttår på grunn av overgang til pensjonsavtale. Denne stillinga vil tidleg hausten 2016 bli lyst ut med kontorstad på Nordfjordeid. Ei av stillingane skal etter avtalen halde fram med kontorstad på Sandane for å ivareta publikumsmottak innafor skattespørsmål.

Det er ikkje lagt opp til noko reduksjon i tal stillingar ved overgang til eit felleskontor. Derimot kan det vere aktuelt at det nye kontoret etter kvart tek over meir av innkrevjinga av den kommunale faktureringa, og spesielt det som gjeld kommunale avgifter og eigedomsskatt. Kontoret vil også kunne ta over heile eller deler av skatteoppkrevjarfunksjonen frå andre Nordfjordkommunar som eventuelt ynskjer dette.

Nettoutgifta ved felleskontoret skal etter avtalen vere fordelt likt mellom Gloppen og Eid.

Skatteoppkrevjarkontora har ansvar for kommunen sin skatterekneskap, innkrevjing av skatt på person, innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift på bedrifter og arbeidsgjevarkontroll mot bedrifter.

Skatterekneskapen er heilt skilt frå kommunen sin ordinære rekneskap. Alt arbeidet innafor skatteoppkrevjarkontora er underlagt styring frå Skatteetaten, og arbeidet vert gjort gjennom felles nasjonal programvare underlagt Skatteetaten.

Krava til kunnskap innafor skatteområdet, og spesielt arbeidsgjevarkontrollen, vert større og større og det er ei utfordringa å halde få tilsette oppdatert på heile breidda i regelverket. Ved fråvær og ferieavvikling er det vanskeleg å svare på spørsmål frå innbyggjarane og bedriftene, fordi skatteoppkrevjarkontoret til tider kan vere heilt ubemanna.

Samarbeidet om felles skatteoppkrevjar og felles skatteoppkrevjarkontor vil bli eit såkalla administrativt vertskommune-samarbeid der Eid kommune er vertskommune og Gloppen kommune er samarbeidskommune.

Kommunestyret i Eid skal gjere endeleg vedtak i saka i møte 1. september. (Illustrasjonsfoto)