Etter eit år utan soppkontroll er soppkontrollen tilbake, denne gong med statsstøtte. Det betyr at det vil vere fleire soppkontrollar enn nokon gong tidlegare, kring 300 soppkontrollar over heile landet.

Soppens dag 4. sopptember kan du både få kontrollert sopp i Hovdebygda ved Ivar Åsen Tunet mellom 13.00 og 16.00. Her er det soppkontrollør Osvald Grande som vil stille opp. Eller du kan ta turen til Førde ved Førdehuset, der det også er sopputstilling, og konkurransar for dei minste mellom 13.00 og 15.00.

I Sogndal er det også soppkontroll søndag 11. september. Ivrige sopp-plukkarar melder om mykje uplukka delikatesser i marka.

Det er ingen eigen soppkontrollør i Eid kommune.

Giftig raud flugesopp. Foto: Anita Ingebrigtsen
Skogstemning Foto: Anita Ingebrigtsen