Grillhytta er vesentleg større enn den som ligg i skileikområdet på Tua. Den skal vere open for alle som vil bruke den, også til overnatting. Grillhytta har fått namnet Asbjørn-stova etter Asbjørn Bjørlo, som brått og uventa døydde for to månader sidan. Han var ein av eldsjelene bak prosjektet. Asbjørn Bjørlo sin innsats innan frivillig arbeid er velkjend for dei fleste eidarar. Han var blant anna leiar i Heia Idrettslag og Eid Idrettsråd i mange år, og han var sterkt engasjert i Lions Nordfjordeid.

– Pappa var engasjert i frivillig arbeid i mange år. Han var ein person som gjorde mykje for fellesskapet. Derfor er det ekstra kjekt at vi kan stå her ved Asbjørn-stova, som er eit dugnadsprosjekt og skal vere ope for alle, seier John-Henrik Bjørlo.

– Varmar mitt hjarte

To av Asbjørn Bjørlo sine søner, John-Henrik og Carl-Magnus, var til stades på opninga. Dei synest det er ein fin gest at Fellesanlegget Tua har kalla opp den nye grillhytta etter faren deira.

– Det er utruleg kjekt at så mange har møtt fram. Det varmar mitt hjarte. Vi brukar dette området veldig mykje, og det blir kjekt å fortelje barna om besten, seier Carl-Magnus, med sonen Magnus (snart 2 år) på armen.

– Eg synest det har blitt ein veldig fin plass, og eg er sikker på at den vil bli mykje brukt, seier John Henrik.

Slik starta det

Det heile starta med at Ove Bjørlo heldt eit innlegg om Fellesanlegget Tua på årsmøte i Nordfjordeid Sanitetsforeining. Året etter vart han og Asbjørn Bjørlo invitert på årsmøtet.

– Då overrekte dei oss ei gåve på 25.000 kroner. Dette var inntektene dei hadde fått etter sal av fastelavnsris. Å få so mykje var nesten rørande. I tillegg hadde dei fått ei minnegåve etter Selma Heggen sin død på fem tusen kroner. Også desse pengane gav sanitetskvinnene til oss. Heilt fantastisk, seier Ove Bjørlo.

Fellesanlegget Tua har kjøpt inn to store grillhytter, med grunnflate på 17 kvadratmeter. Den andre skal etter kvart byggast i Lindvikdalen.

– Grunnen til at den er litt på vent er at eg ikkje har hatt tid til å gjere den nødvendige jobben i forhold til grunneigarane. Men byggesettet står på Tua, og grillhytta vil bli bygd, seier Ove Bjørlo.

Stor gjevarglede

Då ein fann ut at ein ikkje hadde rett på spelemidlar, måtte ein finne alternativ finansiering. Det har gått over all forventing.

– Det har vore ei stor glede å oppleve den store gjevargleda. I tillegg til 30.000 kroner frå saniteten har vi fått 60.000 kroner både frå Sparebanken Vest og frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Lions Nordfjordeid har bidratt med 5.000 kroner, medan Midtre Nordfjord Turlag har gjeve 30.000 kroner. I tillegg vart heile minnegåva frå Asbjørn Bjørlo på 18.600 kroner gjeve til dette prosjektet. Dermed er heile prosjektet fullfinansiert og vel så det. Eg kan ikkje gje nok ros til dei som har stilt opp med pengar, seier Ove Bjørlo.

– At vi skulle gje 30.000 kroner til Asbjørn-stova var det full semje om i styret. Dette er jo midt i blinken for det vi driv med, seier Rune Heggen i Midtre Nordfjord Turlag.

– Alle eidarar som har kjøpt fastelavnsris er ein del av dette. Det er kjekt å sjå at bjørkekvistane blir til gode ting. At vi også gav minnegåva frå Selma Heggen vidare til Fellesanlegget Tua, er fordi ho var så glad i denne dalen, seier leiar i Nordfjordeid Sanitetsforening, Liv Stokkenes Jacobsen.

– I Asbjørn si ånd

I tillegg til gåver frå private, har det vore ein stor dugnadsinnsats i samband med bygginga av Asbjørn-stova. Ein av dei som gjorde mykje arbeid er han som stova er oppkalla etter.

– Det er ekstra gledeleg, for dette er verkeleg i Asbjørn si ånd, seier Ove Bjørlo, som opplyser at det vil bli sett opp ei tavle inne i grillhytta, med namn på alle som har bidratt.

– Dette gjeld alle som har bidratt økonomisk, med dugnadsarbeid eller med materiell. Det same vil bli gjort i grillhytta som skal reisast i Lindvikdalen, seier Bjørlo, som legg til at det er Arnt Henning Leivdal som har stilt grunnen til disposisjon.

– Det gjekk veldig fort og greitt å få på plass ein grunnleigeavtale på 30 år, seier Ove Bjørlo.

Dugnad og privat initiativ

Under opninga var også ordførar Alfred Bjørlo på plass, for å skru opp skiltet på grillhytta. Han hadde også med seg ei gåve på eitt tusen kroner frå Eid kommune. Ordføraren gratulerte med prosjektet, takka for innsatsen og la til at det er spesielt gledeleg at staden er oppkalla etter ei verkeleg eldsjel.

– Dette er eit bevis på korleis ein får til ting med dugnad. Spesielt i bygde-Norge er det der ein gjer ting sjølve at ting blir skapt. Ein er avhengige av dugnad og privat initiativ. Det har vi sett i Eid heilt sidan sjukehuset vart bygd, og dette er noko som er ein enorm styrke for lokalsamfunnet. Fellesanlegget fortener stor honnør, sa Bjørlo, som understreka at Asbjørn-stova er midt i blinken for arbeidet med folkehelse.