Det har skapt sterk misnøye at styret i Nordfjord Havn IKS avviste å bli med på seawalkprosjektet i Eid, eit prosjekt som skal danne grunnlag for auka cruiseturisme i Nordfjordregionen. Det politiske miljøet i Eid ber no om at saka vert teken opp i Hamnerådet.

I Eid har ein vanskeleg for å forstå bakgrunnen for avslaget i hamnestyret, mellom anna fordi det er ein relativt liten sum det er snakk om, og at Eid til no opp gjennom åra har fått svært lite igjen for å vere med i det interkommunale hamnesamarbeidet.

Det har tidlegare vore sagt frå Nordfjord Havn si side er at grunnen til at ein ikkje har brukt pengar her i kommunen, er at ein har mangla gode prosjekt. Når ein no har eit prosjekt som vil kome heile Nordfjord til gode og som vart tilrådd av hamnedirektøren, er det vanskeleg å godta avslaget frå fleirtalet i styret, og Eid kommune vil vurdere om ein er tent med å vere medlem i det interkommunale selskapet.

Det som også irriterer eidarane er at det stadig har kome nye argument mot prosjektet.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo V) sa under orienteringa i formannskapsmøtet i Eid i dag at det er 13 månader sidan ein første gong vende seg til Nordfjord Havn IKS om Seawalkprosjektet. Sidan har det vore mange rundar.

– Vi har vore ekstremt tolmodige og har prøvt å få det til i tråd med signala frå Nordfjord Havn. Først fekk vi tilbakemelding om at det var krevjande å ta heile den store investeringa, og vi gjekk difor i drøftingar for å få med private for å få til eit spleiselag. Det vi opplever er at ting blir skyvd og skyvd og skyvd på. Hamnedirektøren gjorde det han kunne av utgreiingar av tekniske løysingar, vind og bølgjer og hamna. Det er ingenting å utsetje på den administrative jobben som er blitt gjort. Det er å kome i dialog om å få på plass det finansielle som har vore krevjande, fortalde Bjørlo.

Styret i Nordfjord Havn IKS har nyleg sagt nei, i strid med hamnedirektøren si tilråding om å medfinansiere seawalken, ein flytande landgang ved Godsterminalkaia på Nordfjordeid der målet er å styrke den samla cruisesatsinga i Nordfjord.

Eid-politikar Sigurd Reksnes (Sp) er sjølv nestleiar i styret i Nordfjord Havn IKS, og han var den einaste som stemde for at hamneselskapet skulle bidra til realisering av Seawalkprosjektet. Reksnes er også formannskapsmedlem i Eid, og på møtet i formannskapsmøtet i dag sa han at han framleis ikkje forstår kvifor styremedlemmene sa nei. Han peika på at Nordfjord Havn IKS bruker pengar på veldig mykje, og mykje har vore gjort på rein spekulasjon, til dømes Barstadvika, der ein no ser at det er etterspurnad.

– Derfor er det så vanskeleg å akseptere styrevedtaket, og når ein etterpå seier at ein har forståing for at Eid vil melde seg ut, pluss at ein ikkje vil møte i formannskapsmøte.  Då haller eg til at ein kanskje bør vurdere å melde seg ut.

–  No bør vi først løfte saka opp i Hamnerådet som ei siste mogelegheit, og eventuelt ta medlemsskapet opp til vurdering. Når ein har gode prosjekt som ein vil ha dei med på og ikkje får gjennomslag. Det er grenser for kva ein skal bruke tid og energi på utan å få noko igjen for det, understreka Reksnes.

Ulike spelereglar

Ordførar  Alfred Bjørlo opplever det slik at det ikkje er dei same spelereglane for alle kommunane som er med i Nordfjord Havn IKS.

–  Først oppfordrar dei oss til å få med fleire, og vi gjorde det. Så seier dei at ein vil sjå det i samanheng med andre prosjekt og ber om innspel frå alle kommunane. Det einaste nye var seawalk på Eid. Det var ikkje konkurranse frå andre nye prosjekt, men det er framleis ikkje vilje til å vere med. Og på styremøtet argumenterte dei no med at dei ikkje kan gå inn i prosjekt der ein ikkje har full kontroll. Då er vi tilbake til start, sukka ein oppgitt ordførar.

Hamnerådsleiar Nils Myklebust har tidlegare uttalt i epost til ordførar Alfred Bjørlo at dersom Eid kommunestyre ynskjer eit møte i Havnerådet etter at dei har fatta vedtak i saka, slik dei har rett til etter vedtektene, så bes dette meddelt til havnerådsleiar Hamnerådsleiar vil då kalle inn til eit slikt møte.

Nordfjord Hamn IKS består av kommunane Eid, Vågsøy, Selje, Gloppen og Stryn.

Hamnerådet består av følgjande medlemmer:

Nils Myklebust, leiarVågsøy
Sven FloStryn
Kristin MaurstadVågsøy
Morten Andreas HagenVågsøy
Alfred BjørloEid
Leidulf GloppestadGloppen
Gunnar SildenSelje