– Eg veit ikkje kvifor nett eg fekk invitasjon og eg skjønte eigentleg ingenting, og eg kunne ikkje heilt tru det. Eg måtte ringe ordførar Alfred Bjørlo for å høyre. Han hadde fått i oppdrag frå Fylkesmannen å nominere fem-seks stykke som er aktive i lokalsamfunnet. Så då var det veldig kjekt at eg vart utvald til å få vere med på dette, seier han.

Stein Inge arbeider for tida som vikar i Golvsengane barnehage. Elles skal han vere på Eid kommande skuleår, og ta opp litt fag og jobbe ved sidan av. Han er svært aktiv lokalt, og har vore med på fleire musikalar, utandørs spel og operaoppsettingar. Han har også vore aktiv i kulturskulen heilt fram til i vår. Stein Inge er også med i senterungdommen og sit som yngste representant i Eid kommunestyre, noko han synest er veldig spennande.

Kva skal du ha på deg?

– Eg hadde tenkt bunad, men den er for liten, så då blir det dress, svarar han.

Vart hoppande glad

Også Margun Ervik frå Ervik/Kjølsdalen har fått invitasjon til hagefesten i Dronningparken i anledning jubileet Kongepar i 25 år. Ho var først ikkje sikker, og trudde det var ein spøk.

– Eg vart veldig overraska, og måtte forsikre meg om at det ikkje var nokon spøk. Men det var alvor, og då vart eg hoppande glad og takka ja.

Det er nokre veker sidan invitasjonen hamna i postkassa, men ho har allereie klart kva ho skal ha på seg.

– Det blir Nordfjordbunaden. Eg har vore på Slottet ein gong tidlegare i 1998. Då eg fekk tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for frivillige arbeidet og organisasjonsarbeid.

Stort engasjement

Margun Ervik har vore aktiv i Norske Kvinners Sanitetsforeining i mange år. Ho har også vore og fylkesformann i Sogn og Fjordane i 11 år. I dag er ho pensjonist og framleis aktiv, no som leiar for Bryggja pensjonistlag.

Margun har vore engasjert i så mykje at det er vanskeleg å få oversikta, men noko av det ho er stolt av er å ha vore initiativtakar saman med kulturleiarane i Volda og Herøy om å få bygd vikingskipet «Kvinneskipet Embla – Ro for fred» i Bjørkedalen. Likeins var ho med å stifta «Operaens venner», og var med å drog i land prosjektet om matematikaren Sofus Lie, som har fått sin statue ved Operahuset, ei stor og viktig sak for Eid kommune.

– Eg reknar med eg møter Stein Inge Torheim før vi skal inn i parken, og håpar at vi får fint vêr, seier ho.

I samband med feiring av 25 år som kongepar, har Kong Harald og Dronning Sonja invitert 1500 gjestar til hagefest i slottsparken 1. september 2016. Det er 50 personar frå kvart av landets fylke og Svalbard blant dei mange gjestane. Arrangementet varar i to timar frå klokka 14, og det vil vere både underhaldning og servering.