Det var Audun Gausemel som kom med denne uttalen til Fjordabladet, som blei publisert i ein artikkel på avisa si nettside måndag. Gausemel sa til avisa at redaktøren i Fjordingen nærast har drive med hets på leiarplass mot denne aksjonsgruppa i Hornindal. No reagerer redaktør Bengt Flaten på at dette fekk stod uimotsagt på nettsida.

–Dette er ein uttale som heilt klart krev samtidig imøtegåing. Det betyr at journalisten burde ha ringt meg opp, for å få eit motsvar mot ein slik sterk uttale, seier Flaten.

Som tilsvar til Audun Gausemel vil redaktøren også understreke at avisa Fjordingen har hatt ei balansert framstilling av debatten  vedrørande kommunesamanslåing i indre Nordfjord.

–Min uttale på leiarplass var først at Hornindal, Stryn og Volda burde slå seg saman. Så hadde vi folkerøysting i Stryn, der berre elleve prosent av stryningane ville vere saman med Volda. Etter det kom eg ikkje med konkrete råd til Hornindal kommunestyre, om dei skulle velje anten Volda eller Stryn. Eg meiner at avisa Fjordingen har hatt ei balansert framstilling av kommunereformprosessen, både ovanfor Hornindal og Stryn, seier Flaten som tilbakeviser at avisa har hatt overvekt av saker som fokuserte positivt på at indre Nordfjord bør slå seg saman med Volda, eller både Volda og Ørsta.

–Den siste tida hadde vi intervju med tre tidlegare ordførarar, Nils P. Støyva, Inger Hoff og Oddvin Drageset. Alle dei tre argumenterte sterkt for at Stryn og Hornindal bør halde seg i Nordfjord. Vi var også rundt på samtlege folkemøte, der motargument mot samanslåing med Ørsta og Volda kom godt fram, seier redaktør Flaten i Fjordingen.

-I leiarartikkel en min om underskriftsaksjonen for folkerøysting, poengterte eg at kommunestyret står fritt til å velje kva måte dei vel å høyre innbyggjarane på. Eg har ingen ting i mot folkerøysting, men meiner innbyggjarane må respektere kommunestyret si avgjerd når politikarane har handsama dette spørsmålet to gonger og begge gonger sagt nei. Det er å vere sakleg usamd og langt unna hets. Såleis etterlyser eg konkret kva eg har skrive som kan oppfattast som hets. Påstand om at eg nærast har drive med hets er alvorleg, og eg vel å tru at det står for Gausemel si eiga rekning og ikkje aksjonsnemnda, seier Flaten.