– Gratulerer med jubileet og den store innsatsen, ikkje berre for kyrkja, men for heile bygda det siste 100 året. Men skal kyrkja halde posisjonen sin i nye 100 år, må vi også gå i dei vanlege gudstenestene, seier Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin Bispedømme. Han var storleg imponert over det langsiktige arbeidet til innbyggjarane i den brattlente bygda i Nordfjord. Kyrkja vart nymåla i 2013 og har fått ny elektrisk installasjon. Det er laga universell tilkomst, handikaptoalett, og deler av kyrkjegarden er renovert.

Søker ny prest

Klokka 11 kima klokkene som dei regelmessig har gjort i 100 år på søndagane i Randabygda. Opninga av jubileumsgudstenesta vart gjort av leiar i Soknerådet Reidar M. Sørland og sokneprest Mari Saltkjel. Sistnemnde hadde ein av sine siste arbeidsdagar i kyrkja, før ho skal byrje i ny prestestilling i Vågsøy.

Prost Rolf Schanke Eikum forsikra at ei ny soknepreststilling / personalprest allereie er lyst ut. Mange har ottast for kva som vil skje når Hornindal i Nordfjord slår seg saman med sunnmøringane i Volda kommune. For bispedøma fylgjer fylkesgrensene, og presten i Randabygda har også vore sokneprest for Hornindal og Nordsida. Frykt for reduserte inntekter har ført til uvisse i kyrkjelyden når Mari Saltkjel snart skiftar beite. Nyhenda om utlysinga av ny prestestilling vart motteken med spontan applaus under jubileumsmiddagen. Dette fortel kor viktig kyrkja har stått og står i bygda.

Vigsla i 1916

Under inngangen til jubileumsgudstenesta spelte Olga Pavlova med elevar frå kulturskulen i Eid, medan augustsola kasta seinsommarstrålar inn over kyrkjegolvet etter ein regntung morgon.   Det staselege kyrkjebygget nede ved fjorden i Randabygda vart vigsla i august 1916, etter at ho vart bygd på dugnad på rekordtid med eige tømmer, fløytt over fjorden av bygdefolket.  No slapp bygda å ta den lange turen i kyrkjebåt til kyrkjene i Utvik eller Vereide, og Randabygd kyrkje vart også eit samlingspunkt for Fjelli, Rand, Hopland, Hennebygda og Tistam med fleire. Protokollen syner at besøket under ei vanleg gudsteneste i 1917 var på over 200 menneske.

Bygda sine born

Kyrkja er framleis flittig brukt og dugnadsånda står enno sterkt i bygda.  Mange born og unge deltok på jubileet. Konfirmant av året, Rasmus Bersvein Tvinnereim, las bibeltekstar under gudstenesta, og det var fleire songnummer ved Nordsida Barnegospel og Stårheim Songlag. Her var nattverd og dei tidlegare prestane Ole Amund Gillebo, Øystein Frivold og Jon Ytrehorn deltok også.

Sjølve jubileumspreika var det Biskopen som heldt. Han brukte forteljinga om den bortkomne sonen, som invitasjon til auka religiøs bruk av kyrkjebygga.

– Randabygd kyrkje skal være et hjem for dere alle. Hit skal alle få komme. Gud blir aldri klok av skade, sa Halvor Nordhaug litt kryptisk før han forklarte:

– Gud trekker seg aldri tilbake selv om vi kommer hjem som den bortkomne sønnen.

Postludium og trampeklapp

Til postludium song Stårheim Songlag «Nordfjordnatt» av Odd Erik Lothe, før prestar og gjester i samla følgje gjekk ut av kyrkja til utgangsmarsj, av musikkskulen på Eid, og trampeklapp.

Etter gudstenesta var det festmiddag på grendehuset, med talar, helsingar og programinnslag. Her var det også ein fri og ledig tone. Spelemann Arne Sølvberg fortalde mellom anna om den gongen han stod inne i orgelet og pumpa med belgen for at det skulle bli lyd i pipene under eit giftarmål.

Pomp og prakt

– Då brura gjekk inn over golvet skjøna eg kva uttrykket «pomp og prakt», eigentleg kjem av, fortalde Arne Sølverg til applaus.

Mellom betasuppa og det velfylte kakebordet var det helsingar frå Øystein Frivold og Ole Amund Gillebo. Jon Tvinnereim fortalde om bygginga av kyrkja, Astrid Henden i Hennebygda om godt granneskap, Odvar Sølvberg las jubileumsdikt og Jon Ytrehorn trekte særleg fram dugnadsånda og det faktum at kyrkjelyden er ein av to på Vestlandet som grev gravene sjølve, og i tillegg er i toppsjiktet for innsamla  gåver per innbyggjar.

Fagert er landet

Det var under middagen biskopen påpeikte at folk generelt i fylket er flinke til å bruke kyrkjene til jul og påske og på merkedagar i livet, men at det ofte vert for få som stiller på dei tradisjonelle gudstenestene.

– Då må vi spørre oss om vi må justere ned frekvensane kring om, sa Nordhaug.

Sokneprest Mari Saltkjel kom då med ei uventa nyansering i si 100 års helsing.

– Bygda her er særskilt flott. Sjølv om det er få på enkelte gudstenester, kan vi få veldig god kontakt og det kan vere veldig

vakkert. Gudsteneste er utan tvil viktig for dei som stiller, men sjølvsagt kan kvar og ein av oss gjere noko med oppmøtet, sa ho

Jubileumsmiddagen vart leia av soknerådsleiar Reidar M. Sørland på ein audmjuk og lett måte. Feiringa vart avslutta med Fagert er landet.