Prøveprosjektet er eit samarbeid mellom Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Vestfold.

I Sogn og Fjordane har dei tre naudetatane brann, politi og helse brukt Nødnett sidan 2015. Nødnett vert òg brukt av Sivilforsvaret og enkelte frivillige organisasjonar. Turen har no kome til andre aktørar i fylket som har eit ansvar innanfor beredskap og samfunnstryggleik. Kommunane, industrivern og andre viktige samarbeidspartnarar av naudetatane er blant dei som er aktuelle.

Informasjonsmøte

13.september blir det arrangert eit informasjonsmøte om prøveprosjektet på Skei. Lokale aktørar som er kvalifiserte og interesserte i å ta i bruk Nødnett er invitert. Totalt er over 70 organisasjonar frå heile fylket invitert.

− Vi er glade for at fylkesmannen i Sogn og Fjordane er med på laget og vi håpar på god oppslutning frå naud- og beredskapsaktørane i fylket, seier Nina Myren, avdelingsdirektør i DNK.

− Mange er interessert i Nødnett, og eg oppmodar aktørane i fylket om å bruke den unike sjansen dei får til å teste dette no, seier Myren.

Viktig kunnskap

I prosjektperioden vil kommunar og etatane i fylkesberedskapsrådet få låne radioterminaler kostnadsfritt, og dessutan få dekka abonnementsavgifta. Når prosjektet vert avslutta vil den enkelte aktør avgjere om og korleis han vil bruke Nødnett i det vidare.

− Prosjektet vil gi oss viktig kunnskap og erfaring om korleis Nødnett kan bidra til betre samvirke og samarbeid under kriser og store hendingar, seier Myren.

Fakta om Nødnett:

• Nødnett er det digitale, landsdekkjande sambandet for naud- og beredskapsaktørar.

• Nødnett gjer det mogleg å samarbeide på tvers av både organisatoriske og geografiske grenser og bidrar til auka beredskap i hele landet.

• Nødnett vert i dag brukt av politi, brann- og redningsetaten, helsetenesta, Hovudredningssentralane og frivillige organisasjonar som Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp. I tillegg har en rekke andre organisasjonar med beredskapsansvar tatt i bruk Nødnett.

• Nødnett er robust og er bygd ut for å kunne verke i vanskelege situasjonar. Alle basestasjonar har minimum 8 timer reservestraum. 15 % av basestasjonane har 48 timar reservestraum.

• Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) er ansvarleg for utbygging, drift og forvaltning av Nødnett.