(NPK-NTB): Vêrvarslinga på Vestlandet varslar ekstremt mykje regn på onsdag, med fare for flaum og skred, og bed folk om å la vere å køyre i nordre og indre Hordaland.

Det er venta opp mot 60 millimeter regn på nokre timar.

– Utover dagen ventar vi overflatevatn, flaum og fare for både jordskred og flaumskred, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Tone Kristin Taule, til NRK.

Meteorologen bed folk som ikkje må, om å la vere å leggje ut på vegane i indre og nordlege strøk av fylket. (©NPK)