Fylkesordførar Jenny Følling heldt som leiar av fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane 22. august møte med komiteen som skal fronte aksjonen her i fylket. Dei markerer med dette starten på årets innsamlingsaksjon.

– TV-aksjonen er i år spesielt aktuell. Store menneskegrupper har den siste tida fått liva sine satt på vent eller øydelagde grunna krig og konflikt, seier Følling.

Gjennom TV-aksjonen skal meir enn to millionar menneske få livsviktig hjelp. Krig og vald skaper enorme lidingar. Menneske vert drepne, og ringverknadane for lokalbefolkninga er katastrofale. Dei manglar vatn, mat og medisin, helsetilbodet svekkast, dei må flykte frå heimane sine og har ingen jobb å gå til. Dette fører igjen til underernæring, helseproblem, utryggheit og fattigdom. Midlane som kjem inn skal fordelast til ulike prosjekt i ni forskjellige land, der Røde Kors allereie er på plass.

Mange gode hjelparar

Røde Kors er mange stader den einaste hjelpeorganisasjonen som slepp til med humanitær hjelp, og har gjennom lokale frivillige tilgang til dei som elles ikkje får hjelp. Dette er i Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som har kome til Norge.