Det er Veidekke Entreprenør AS som har kontrakt med Eid kommune om bygging av eit nytt leilegheitsbygg i Prestealléen 33, den tidlegare Lærarbustaden,  med ni kommunale bustader. Bustadene skal vere klare til bruk i juni 2017.

Les også: Veidekke skal byggje nye bustader i Prestealléen

Leilegheitsbygget vil få tre 4-roms leilegheiter i hovudetasjen og seks eittroms leilegheiter i sokkeletasjen. Bygget er tilpassa både småbarnsfamiliar, einslege og par. Bustadane er planlagt finansiert gjennom statlege tilskot frå Husbanken (30%) og husleige frå bebuarane. Det eksisterande bygget på tomta blir no rive, og det nye bygget blir omlag på storleik med det gamle.