NoMil leiger areal hjå Myrøed Invest AS og har avtale om drift av gjenbruksstasjonen der fram til nyttår.

Dagleg leiar i NoMil, Svein Ottar Sandal forklarer at dette i utgangspunktet er ei mellombels løysing, og at arealleige og drift i løpet av nokre veker vil bli lyst ut på anbod via Doffin, slik at interessentar kan kome med sine tilbod. Truleg vil det bli teke ei avgjerd om framtidig lokalisering av stasjon før nyttår.

Sandal fortel til Fjordabladet at dei har fått greie tilbakemeldingar på stasjonen på Haugen Industriområde, men også noko bekymring når det gjeld auka trafikk og innkøyrsle frå riksvegen.

– Vi vil bruke dagens lokalitet til vi eventuelt har ein ny stasjon ein annan stad, eller det kan vere at vi held fram med å vere her vi er no, men med noko meir tilrettelegging, mellom anna meir avskjerming, seier dagleg leiar i NoMil, Svein Ottar Sandal.