Dette skriv aksjonsgruppa for folkerøysting i Hornindal i ei pressemelding, og viser til at aksjonen som no er gjennomført kom i stand etter grensejusteringsmøtet i Markane 28.juli i år.

− Bekymringar for å miste ein så stor del av bygda, noko som enno er uavklart, gjorde at vi på oppfordring frå mange hald sette i gang underskriftsaksjon for folkerøysting og oppheving av sak 048/16 endeleg vedtak om kommunestruktur, heiter det i pressemeldinga.

Best mogleg oppslutnad

− Målet med aksjonen var å få best mogeleg oppslutnad slik at vi kunne påverke politikarane våre. Vi meiner at rundt 330 underskrifter er eit historisk godt tal. Vi er ikkje kjend med at så mange innbyggjarar har skrive under ei oppmoding om å heve eit politisk vedtak gjort av kommunestyret i Hornindal. Når dette truleg er den største og tyngste saka som Hornindal kommunestyre nokon har og kjem til å behandle, er det stor grunn til bekymring at så mange av innbyggjarane ynskjer oppheving og folkerøysting så lenge etter fatta vedtak, heiter det vidare i pressemeldinga.

Ikkje formeld involverte

− Prosessen var forhasta, konsekvensane var og er enno ikkje gjevne, og innbyggjarane vart ikkje formelt involvert gjennom ei folkerøysting. Snuoperasjonen i Halsa kommune viser at det framleis er mogeleg å ta opp att saka. Aksjon for folkerøysting der viste mindre oppslutnad enn det som er tilfelle i Hornindal. Likevel valde dei folkevalde å ta opp att saka og la innbyggjarane verte høyrde.

− Det å gå i mot sine eigne folkevalde i ei så viktig sak, og skrive namnet sitt på ei liste som vert offentleggjort, er eit kraftig signal frå den enkelte som vel å skrive under. Vi kan ikkje sjå at bygda vil verte samla utan å gjennomføre folkerøysting, heiter det til slutt i pressemeldinga.