− Venstre er eit miljøparti, og kvart år deler både Venstre nasjonalt og fylkeslaget i Sogn og Fjordane ut ein miljøpris. I år har vi i Sogn og Fjordane bestemt at prisen skal gå til Lefdal Mine Datasenter. Bakgrunnen for at Lefdal Mine Datasenter får prisen, er for det første at dette er eit viktig miljøprosjekt av nasjonal og internasjonal betyding. Vidare fordi det er eit flott prosjekt som på mange måtar illustrerer det grøne skiftet. I tillegg meiner vi i Venstre at det er viktig å løfte fram prosjekt som utnyttar fornybar energi fullt ut, og som ikkje minst er viktige for distrikts-Norge, sa Gunnhild Berge Stang, leiar i Sogn og Fjordane Venstre, under overrekkinga av prisen.

Her og no

I tillegg til fylkesleiaren var også Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn tilstade i Lefdal Mine Datasenter under prisutdelinga.

− Eg har følgt dette prosjektet over ei viss tid. Det er ekstra kjekt at det er eit prosjekt i Nordfjord som viser veg i det grøne skiftet. IKT er ei bransje som krev særs mykje energi. Lefdal Mine Datacenter gjer det mogleg å erstatte store mengder forureinande datalagring med lagring der energien kjem frå rein norsk kraft, med kjøling direkte frå fjorden som reduserer energibruken vesentleg. Lefdal Mine Datasenter er i utgangspunktet eit stort prosjekt. Med den plassen ein har til rådvelde i gruvene på Lefdal kan senteret bli eit verkeleg stort prosjekt både i nasjonal og internasjonal målestokk, seier Sveinung Rotevatn som er imponert over at det er muleg å skape eit internasjonalt leiande grønt datasenter i Sogn og Fjordane bygd på lokalt gründerskap.

Klimanøytral framtid

I ei pressemelding som Sogn og Fjordane Venstre sende ut i samband med prisutdelinga heiter det at fylkespartiet meiner den modige satsinga gründerane bak Lefdal Mine Datacenter har gjort, fortener Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris for 2016. Lefdal Mine er eit framståande døme på framtidas grøne, kraftkrevjande industri i Sogn og Fjordane, som skapar vekst og arbeidsplassar lokalt - og ikkje minst syner veg både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for grønt næringsliv i ei klimanøytral framtid.

Opning rundt årsskiftet

Rolf Kristiansen, driftssjef i Lefdal Mine Datasenter, tok imot prisen på vegne av selskapet.

− I dag er det masse aktivitet, og med mange firma inne i gruva. Når det gjeld status, så reknar vi med oppstart når vi nærmar oss årskiftet. Vi har no oppgradert frå 25 til 45 megawatt. Dette har vi gjort for å sikre at vi slepp anleggsdrift etter oppstart. At vi gjer ei slik oppgradering betyr at vi raskare kan ta inn fleire kundar, sa Rolf Kristiansen etter at han hadde tatt i mot prisen.