I går 21. august, starta Kvammen sin Norgesturne, som skal gå til 50 av Nettbuss sine 1.341 haldeplassar i heile Norge.

Du kan komme med ønskelåt på Facebooksida hans, eller kviskre i øyret når han kjem til Eid. Nett no spelar Kvammen på Grodås, deretter Volda og så Nordfjordeid, får turen går vidare til Fjærland.

Du kan følge touren på nettet, og sjå når han kjem til nettopp din rutebilstasjon her.

Daniel Kvammen er 26 år og kjem frå Geilo. Han debuterte som soloartist i 2015 med vise/country-albumet «Fremad i alle retninga».

Saka er oppdatert med bilde frå konserten.

Eit tjuetals personar fekk med seg minikonserten til Daniel Kvammen på rutebilstasjonen. Det gode vêret sette ei fin råme rundt Nettbuss sin landsomfattande kampanje. Foto: Anita Ingebrigtsen
Livar og Vetle (1) fekk også med seg konserten til Daniel Kvammen på rutebilstasjonen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Siste låta var akustisk, og skal vere med i ein musikkvideo, klippa saman frå alle stadane dei har halde konsert på. Foto: Anita Ingebrigtsen
Daniel Kvammen med sin gitar, etter konserten på Nordfjordeid. Foto: Anita Ingebrigtsen
Daniel Kvammen med miniminikonsert på rutebilstasjonar i heile Norge. Foto: Nettbuss