Forhandlingsutvalet diskuterte målet for etablering, utvikling av tenester og oppgåver, økonomi og omstillingsavtale for tilsette i forhandlingsmøte 18.-19. august.

– Vi er nøgde med forhandlingane så langt, og klimaet mellom partane er positivt og godt. Det er krevjande, men vi oppfattar at alle er konstruktive, rause, og opptekne av å finne gode løysingar til det beste for innbyggjarane våre. Vi er sikre på at vi skal greie å jobbe fram eit godt avgjerdsgrunnlag som kan legge fundamentet for ein Vestlandsregion, seier dei tre fylkesordførarane Anne Gine Hestetun, Solveig Ege Tengesdal og Jenny Følling.

Forhandlingsutvalet er einige om måla for etablering, og det står att mindre justeringar før denne delen av intensjonsplanen er klar.

Forhandlingsutvalet har bede om fleire analysar knytt til dei  andre temaa i møtet, for å sjå nærare på moglege konsekvensar og vinstar. Dette gjeld mellom  anna økonomi, omstillingsavtale for tilsette og tenester og oppgåver i ein ny region. Forhandlingsutvalet diskuterte også etablering av fellesnemnd. Fellesnemnda får ansvar for det førebuande arbeidet med etablering av ny region.

– Det er ein omfattande og viktig prosess som er i gang.  På det noverande tidspunkt er det verken mogleg eller ønskjeleg å gå i detaljar. Det er for tidleg i prosessen, og i respekt for arbeidet som no er i gang. Det ber vi om forståing for, men vi er på veg mot noko, seier dei tre fylkesordførarane.

Forhandlingane skal leie fram til ein felles intensjonsplan. Denne vil danne grunnlaget for etablering av ein ny Vestlandsregion beståande av fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Intensjonsplanen vert lagt fram til handsaming i dei tre fylkestinga i oktober. I desember handsamar dei tre fylkestinga etablering av ein ny region.

Forhandlingane held fram 1. og 2. september på Sola Strand hotell i Rogaland. Forhandlingane avsluttast i Førde 14. og 15. september med mål om å verte einige om ein endeleg intensjonsplan.