− Det er naturleg når det kjem ei elektronisk løysing og folk kan styre litt sjølve. Det er enkelt med nett og då får vi ein slik effekt , seier Kristen Hundeide,  kyrkjeverje i Eid kyrkje.

Måndag 15. august vart den nye elektroniske løysinga til Den norske kirke lansert og på få dagar har til saman 15. 053 meldt seg ut, medan 549 personar har meldt seg inn. Ifølgje Den norske kirke kom dei fleste utmeldingane den første dagen då heile 10. 854 personar meldte seg ut. Så langt i 2016 har Den norske kirke dermed motteke 24. 278 utmeldingar og 1369 innmeldingar.

Kristen Hundeide tykker det er naturleg det som no har skjedd, men trur samtidig det ikkje vil vare.

− Vi får ein topp no, og med tid vil nok dette jamne seg ut. Eg trur ikkje det vil fortsette i så høg grad framover, seier Hundeide, som tykker den nye ordninga er positiv.

− Uavhengig av at folk skal melde seg ut eller inn tykker eg ei slik løysing som vi har fått no er positivt. Det er greitt å gjere det slik.

Eid

Den norske kirke har 3,8 millionar medlemmar på landsbasis, noko som utgjer omtrent 73 prosent av befolkninga i landet. På nettsida til Den norske kirke viser det i ein statistikk at 84,4% av innbyggjarane i Eid kommune er medlem i Den norske kirke. Sjølv om det på landsbasis er ein høg nedgong etter fire dagar med elektronisk løysing, har ikkje Eid kyrkje kjent noko særleg til denne nedgongen.

− Vi har ikkje hatt noko "rush" denne veka verken med tanke på innmelding eller utmelding. Eg kan ikkje sjå at det er noko stor forskjell når det gjeld medlemstal verken før eller etter måndag, seier Hundeide.

Mot trenden

Eid går faktisk litt i mot trenden som er no. Hundeide kan nemleg fortelje at det faktisk er fleire medlemmar i dag enn ved årsskiftet. Utan at det har noko med den nye elektroniske løysinga å gjere.

− Ved årsskiftet hadde vi  5076 medlemmar, og per i dag har vi 57 medlemmar fleire. Det vil seie at vi har totalt 5133 medlemmar.

− Dette er ikkje noko spesielt for Eid. Distrikt-Noreg har fleire medlemmar i kyrkja enn det byane til dømes har. Det er nok fleire som tilhøyrer andre trussamfunn i byane, noko som er naturleg, legg han til.

Oversikt over utmelding og innmelding i heile landet:

15. august var det 10. 854 utmeldingar og 240 innmeldingar.

16. august var det 2847 utmeldingar og 181 innmeldingar.

17. august var det 754 utmeldingar og 68 innmeldingar.

18. august var det 580 utmeldingar og 60 innmeldingar.

(kjelde: Den norske kirke)

15. 053 har meldt seg ut av Den norske kirke sidan måndag. Foto: Olin Maria Yri