Far og son, Audun og Isak Skogen frå Innvik imponerte begge på Heiamila onsdag kveld. Far Audun kom først over målstreken, medan den elleve år unge sonen kunne notere ei tid fullt på høgde med mange av veteranane. Han kom inn på ein 13. plass i konkurranse med 21 andre som sprang den 10 km lange løypa tur/retur Langevatnet.

Unge løparar

I alt var det fire unge løparar i alder frå elleve til femten år som stilte opp for å springe heile løypa på 10 km. Dei plasserte  seg også godt på resultatlista. I klassa for kort løype, 3km, var det tre unge startande. Her vart det jamn konkurranse, der Bendik Vereide kom inn på ein førsteplass. Totalt i konkurranseklassa var det 25 deltakarar, medan tolv tok turen i trimklassa.

22 år med løp

Heiamila vart i år arrangert for 22.gong. Tidlegare blei løpet gjennomført med start frå Hjelle skule, med Leivdalsmona og Mogrenda som arena. For snart ti år sidan vart Heiamila flytta til Fladalen, med start frå Tua. Deltakarane i fullt løp spring 10 km med ei løype innover Fladalen med retur rett forbi Langevassetra. Heiamila er også eit løp i Nordfjordkarusellen.