Sogn og Fjordane politikammer melder at det har vore gjennomført tre kontrollar i dag. I Stryn vart 49 køyretøy stoppa for kontroll. Her vart det ilagt to gebyr for manglande bruk av bilbelte.

På Brandsøy i Flora vart 19 køyretøy kontrollerte. Her fekk ein førar gebyr for manglande bruk av bilbelte.

I Skavøypoll vart heile 94 køyretøy stoppa for kontroll. Ein førar må betale gebyr for ikkje å ha tatt med seg førarkortet.