Det vart i alt kontrollert 16 førarar, og det var ingen som fekk gebyr eller førelegg. Dette var ein del av Aksjon skulestart. Tidlegare i veka vart denne aksjonen gjennomført fleire stader i fylket. Onsdag morgon var det kontrollar på Haugen, Hafslo, Aurland, Sandane, Florø, Svelgen og Naustdal. Berre i Florø vart det funne noko å reagere på. Her vart ein førar ilagt bilbeltegebyr.