Norges Luftsportsforbund (NLF) har som mål å auke aktiviteten uansett kva grein det er, enten det handlar om motorfly, mikrofly, seglfly, fallskjermhopping eller modellfly.

Einaste i landet

– Eg tok kontakt med NLF alt dagen etter at eg såg det i medlemsbladet «Flynytt», fortel leiar i Sandane Flyklubb, Roger Nordbø. Det førte til at Sandane Flyklubb med Sandane Lufthamn vart valt ut til eit prøveprosjekt som einaste staden i landet.

– Her ønskjer NLF å gjennomføre eit testopplegg som seinare vil bli brukt andre stader i landet, fortel Roger Nordbø. Heilt sidan starten for fleire månader sidan har derfor NLF vore med i planlegginga og har hjelpt til med å formidle kontaktar og ytt assistanse. Å gjennomføre eit slik arrangement på ein trafikkert statleg flyplass krev nemleg godkjenning og velvilje frå Avinor ved lufthamnsjefen. Det samarbeidet har gått fint, peikar Nordbø på.

Pilot flyskule

Arrangementet er retta mot folk i alle aldrar med interesse for luftsport, gjerne ungdom.

– Pilot Flyskole som er lokalisert på Torp Lufthavn Sandefjord kjem og etablerer ein stand. Dei kan orientere interesserte om korleis ein kan utdanne seg til profesjonell pilot og gjere det til ein leveveg, fortel Nordbø.

Også dei lokale flyklubbane Ørsta Volda Flyklubb, Stryn Mikroflyklubb og Fjordane Flyklubb deltek i arrangementet. Dei kjem til Sandane Lufthamn med sine fly.

– Det er høve for publikum å kjøpe lokale flyturar i småfly, fortel Roger Nordbø.

Akroflyging

Modellflygruppa i Sandane Flyklubb har fleire aktive og erfarne modellflygarar. Dei skal ha oppvisning for publikum. I tillegg kjem det gjestande fly for å halde oppvisning i akrobatikkflyging.

– Værnes Flyklubb har kjøpt eitt eksemplar av det  gamle skuleflyet til Luftforsvaret. Det er ein Saab Safir. Det kjem til Sandane Lufthamn for å halde ei oppvisning og tilbyr samtidig interesserte ein tur, fortel Nordbø.

Det er duka for meir besøk. Frå Kjeller kjem ein Pitts Special. Det er eit fly som er spesialbygd for akrobaktikkflyging. Også frå Bergen kjem det gjester luftvegen.

– Ikkje minst har publikum høve til å vinne tur/retur billett Oslo eller Bergen med Widerøe. Vi loddar også ut ein tur med akrobatikkflyging, seier Roger Nordbø.

Laurdag vil NLF ha informasjonsstand på Sandane saman med Sandane Flyklubb.

– Med tanke på vêrtilhøva er det eit risikoarrangement, men vi kryssar fingrane og håpar mange vil ta turen til Sandane Lufthamn, seier Roger Nordbø.