Regjeringa vil styrke lokaldemokratiet, og når kommunane blir større ja då blir dei sjølvsagt meir robuste. Dette ordet må ikkje gløymast, det er viktig å få med. Og for eiga rekning, ein må for all del ikkje gløyme det viktigaste moteordet, berekraftig. For det er sjølvsagt berekraftig, berre det blir stort nok.

Kva slags strukturar har vi i vente? Skal det vere den same ”opne” prosessen og samarbeidet med kommunane som det var innan helsetenestene til Nordfjord? Og tenke seg til vi skal få meir makt og mynde også, til kommunane. Kven er det som trur på dette? På nytt ser vi at no skal det takast tak i nordfjordingane, vi er visst eit umuleg folkeslag som ikkje skjønar vårt eige beste. På nytt vil vi få sjå at vi som bur på kysten også i denne samanhengen skal vere den tapande part. Vi får nok kanskje endå ein gong sjå at dei vi valde for å stå i bresjen for at vi skal ha dei same godene som resten av fylket og landet, bøyer nakken og godtek det som kjem utanfrå, dette utifrå avtalar som slett ikkje kjem alle kommunane i Nordfjord til gode.

Det er vi i ”ELITEN” som veit best, og dei som veit aller best er ”Eliten” i Oslo og på Fylket. Den som ikkje vil, han skal. Ser ikkje behovet. Trur det ikkje er grunnlag. Slik har vi ikkje tenkt oss det. Må vere villige til å ta grep, og så vidare. Dette er gjennomgangsmelodien frå dei som veit mest. Og slik går tida i fylket vårt. Det er ikkje rart at folketilveksten i fylket er ”stor”, tenke seg til at i første kvartal var den på heile 0,085 prosent.

For å nemne litt, der vi har tapt. Nordfjord sjukehus, Nordfjord legevakt, Ambulansetenesta, Plan for arealbruk med meir, og kva med Planprogram-Strategisk plan for kysten 2017 – 2025. Skal vi forsett vere den tapande part? Tida er overmoden for oss som bur her i Nordfjord og på kysten til å fortelje dei som trur dei veit mest, at dei bør sette fingeren i jorda og lytte litt etter folkemeininga. Kanskje kan det og vere nyttig for den enkelte å lytte til engasjerte menneske som vil satse på det dei trur på, i den kommunen som dei er heimehøyrande i.