Vegstenginga er rundt to kilometer frå Rv. 15, ved ”Hauebrua”. Det er no omkøyring via Berstad.

– Her er det stengt på grunn av at elva har fløymd over vegen. Stenginga vart gjort klokka 10.00 i dag, fortel Hans Petter Vereide i Eid kommune.

– Vi opnar vegen når elva går ned igjen, men førebels er det usikkert når dette vil skje, seier Vereide.

Han fortel at det også er kome meldingar om at elva har gått over vegen i Lefdalsbygda.

– Vi har folk på plass der no for å sjå på forholda, seier Vereide, som legg til at det ikkje er meldt om større skadar eller problem på grunn av vêret andre stader i Eid kommune.