Initiativtakar til underskriftsaksjonen er Nils Paul Haugen, på vegne av ei tidlegare gruppe som samla underskrifter på facebook.

Det var 30. juni i år at Hornindal kommunestyre gjekk inn for samanslåing med Volda, mot eit mindretal på seks.

No meiner Haugen og dei andre i aksjonsgruppa at dette er eit vedtak som ikkje speglar folkemeininga i Hornindal. Sjølv er han blitt kontakta av mange som meiner at vedtaket er blitt gjort over hovudet på folk i bygda.

Dei vil ha folkerøysting og ikkje berre innbyggjarundersøking for å finne ut kva folket i Hornindal vil. Gjennom underskrifter vil dei prøve å påverke politikarane i Hornindal til å ta opp att saka, og gjennomføre folkerøysting.

Til Fylkesmannen

Når underskriftene er på plass ønskjer aksjonskomiteen å sende desse til Fylkesmannen.

-Vi vil gjerne ha med oss politikarane i Hornindal for å ta opp att denne saka. Vi vil vise dei folkemeininga, slik at vi kan få eit vedtak i tråd med det folket i bygda meiner. Dette skjer best gjennom ei folkerøysting, seier Haugen.

Men om politikarane ikkje vil snu kan det likevel bli aktutelt å sende desse underskriftene til Fylkesmannen saman med eit brev.

I brevet vil det stå at Hornindal fortener ei verdig avslutning på kommunereformdebatten ved at innbyggjarane skal få vere med å avgjere gjennom ei rådgjevande folkerøysting.

-Vi oppmodar om at vedtaket i Hornindal kommunestyre sak 048/16, «endeleg vedtak kommunestruktur» blir oppheva og at det blir gjennomført folkerøysting før nytt vedtak», heiter det brevet som truleg vil gå til Fylkesmannen.

- I Hornindal er vi 960 røysteføre. Om rundt halvparten av desse skriv under på våre lister er det eit tydeleg signal på at denne saka må opp att på ny, gjennom ei rådgjevande folkerøysting. Då kan det blir aktuelt å sende dette brevet til Fylkesmannen, sjølv om vi ikkje får politikarane i kommunen med oss, seier Haugen som opplyser at underskriftskampanjen i Hornindal blir gjennomført i løpet av august.

Femti femti

Innbyggjarundersøkinga frå Hornindal kom ut med uavgjort i høve til å skulle velje mellom å slå seg saman med berre Volda eller berre Stryn. Av dei spurde svarte 44 prosent Volda og 44 prosent Stryn, og 12 prosent veit ikkje. I same undersøkinga svarte heile 71 prosent av dei vil slå seg saman med både Volda og Stryn, og 26 prosent av dei vil slå seg saman med berre Stryn.

Folkerøysting i Stryn viste at 57 prosent av stryningane vil slå seg saman med Hornindal, og berre 11,7 ville at Stryn, Volda og Hornindal skal slå seg saman. Tretti prosent av folket i Stryn vil at kommunen skal klare seg åleine i framtida viste folkerøystinga.

Meir tru på Sunnmøre

I kommunestyret i Hornindal var det berre Sp som gjekk imot samanslåing med Volda. Dei andre partia sa ja. Argumentasjonen for å sjå nordover mot Sunnmøre er større tru på hjelp til å utbetre vegen til Stranda og større nærleik til sjukehuset i Volda, mot å blir sendt til Førde i ambulanse. Eit argument er også tettare samarbeid med bygder som Austefjorden og Bjørke.