Det er skiskyttargruppa og langrennsgruppa som vil gjenskape tradisjonen med flakedans i Hjelmelandsdalen i Eid.  I mange år var flaken ved Tippasetra nytta til dans, med fleire arrangement kvar sommar. No er det tid for å vekkje til live gamle minner og tradisjonar, og skiskyttarstadion er like i nærleiken av den tidlegare danseflaken i dalen.

Kvart år

Leiar i Stårheim IL skiskyttargruppa, Nils Magne Nedreberg, seier at dette kan bli ein årleg tradisjon.

–Vi prøver oss no med ein forsiktig oppstart dette året. Dersom folk møter opp og det er interesse for denne dansen, kan flakedans på Harpefossen igjen bli ein årleg tradisjon, seier Nedreberg. Det er nyleg lagt asfalt i området ved det nye skyttarhuset, og planen er at flaken skal plasserast der. Dette er ein danseflake som tidlegare har vore brukt ved dei årlege bryggjedansane på Stårheim.

–I fjor var det ikkje bryggjedans på Stårheim, og det er ikkje planar om å arrangere det seinare år heller. Tanken er at denne dansen no skal bli på Harpefossen i staden for. For oss i skiskyttargruppa og langrennsgruppa vil dette vere viktig for å få inn pengar til det nye skiskyttaranlegget, seier Nedreberg og opplyser at det blir søkt om skjenkeløyve for øl og vin til denne kvelden, samt sal av brus og pølser.

–Vi legg ikkje opp til så omfattande servering dette første året. No vil vi prøve oss fram med å sjå korleis dette fungerer. Kjem det mykje folk i år, blir det flakedans også neste år, då gjerne med ei større gruppe, seier Nedreberg.

Midtsommardans

Ved seinare flakedansar vil truleg arrangementet bli lagt til slutten av juni.

–Vi har snakka om å få til ein midtsommardans som ein årleg tradisjon. Då blir flakedansen i månadskifte juni/juli. Men no må berre folk møte opp, og så får vi planlegge vidare etter det, seier Nedreberg. Duoen Sixpack som skal spele består av Bjørn Engelbrektsson og Anders Ole Sørensen.