I tillegg til denne hendinga var det i løpet av fredagskvelden og natt til laurdag ein del fyll, som politiet måtte ta seg av. Eid ein rusa  mann i slutten av tenåra vart vist vekk frå festivalområdet grunna ufin oppførsel. Ein rusa mindreårig ungdom vist vekk frå festivalområdet. Her vart foreldre varsla. Ei kvinne i 20-åra vart meldt for drikking på offentleg stad. Ein rusa mann som gjekk langs riksveg 15 mellom Eid og Haugane vart kjørt heim av politiet.

Norkotika

Rundt midnatt vart seks menn i 20-åra og to menn i 30-åra, mistenkt for bruk/besittelse av narkotika. Personane vart bortviste frå festivalområdet, og politiet har oppretta saker mot desse personane.

Lause hestar

Tidleg laurdag morgon melde politiet om, to lause fjordingar i området ved Energiverket/Uldegrova. Eigar bes ta seg ein tur, var meldinga frå politiet.