− Då eg var her i nitida torsdag kveld var alt i orden, og slik det skal vere, så dette hæreverket må ha skjedde etter den tid, seier Per Os som jobbar frivillig i Eid kyrkje.

Ikkje morosamt

− Eg har problem med å forstå kvifor folk gjer slikt som dette. Det er ikkje morosamt i det heile, og er berre eit uttrykk for at ein ønskjer å påføre folk sorg og smerte, seier ungdomsprest Kåre Michael Christoffersen som høyrde at det var mykje støy frå sentrum i løpet av natta.

− Dersom det er nokon som har sett eller høyrt noko som kan ha noko med denne saka å gjere kan gjerne ta kontakt. Det mest anstendige ville vere om den eller dei som har gjort dette tok kontakt. Det er fullt muleg å få tilgjeving, seier Kåre Michael som legg til at saka er meldt til politiet.