I Sogn og Fjordane er det Balestrand som samal sett har dei lågaste kommune avgiftene (vatn, kloakk, renovasjon, feiing og eigedomsskatt, blant kommunane. Naustdal i Sunnfjord er den kommunen som har dei høgaste kommunale avgiftene. Mellom topp og botn, er skilnaden 9.337 kroner.

I Nordfjord er det Stryn som har lågast kommunale avgifter. Totalt må du ut  med 10.746 kroner i Stryn, medan du i Selje må ut med 15.638. Altså ein skilnad på 4.892 kroner.

Mellom Vågsøy, Gloppen, Eid er det små skilnader, 193 kroner mellom høgaste og lågaste.

KommuneVatnKloakkReno-vasjonFeiingEigedoms-skattSum
Stryn305620432703244270010746
Vågsøy281330143098424370013049
Gloppen305837302702560300013050
Eid299026702702380450013242
Hornindal482057802703437013740
Bremanger526031502702440300014552
Selje447525202703500544015638

Tabellen viser kva du må ut med i kommunale avgifter i kommunane i Nordfjord. Tala er frå 2015. (Kjelde: SSB.)

KommuneVatnKloakkReno-vasjonFeiingEigedoms-skattSum
Balestrand26291000290659507130
Årdal12121160215032425007346
Fjaler28293354194646308592
Lærdal35582621290649009575
Aurland33002945290651509666
Luster386030802906360010206
Stryn305620432703244270010746
Førde204734781859503291610803
Høyanger274930382906414196011067
Leikanger496832863006357011617
Flora187519923072440462011999
Askvoll513529431859489240012826
Vågsøy281330143098424370013049
Gloppen305837302702560300013050
Eid299026702702380450013242
Hornindal482057802703437013740
Gulen391639502976470294014252
Solund457533762520500336014331
Hyllestad623423491859450353514427
Bremanger526031502702440300014552
Vik360123222325574588014702
Selje447525202703500544015638
Sogndal326536893206575500015735
Jølster254472291859566370015898
Naustdal410535011859513648916467

Tabellen viser kva du må ut med i kommunale avgifter i kommunane i Sogn og Fjordane. Tala er frå 2015. (Kjelde: SSB.)

Dette er kriteria:

Vatn: Dersom stipulert årsgebyr er mest utbreidd i kommunen, er det dette som blir oppgitt for ein standard bustad på 120 m2 bruksareal. Dersom vassmålar er mest utbreidd er det prisen for eit forbruk på 150 m3 som er oppgitt

Avløp/kloakkavgift: Dersom stipulert årsgebyr er mest utbreidd i kommunen er det avgift for ein standard bustad på 120 m2 bruksareal som er opgitt. Dersom vassmålar er mest utbreidd oppgis prisen for 150 m3 avløpsvatn.

Avfall/renovasjon: Her blir den hyppigaste førekomande sats for ein standard bustad på 120 m2 bruksareal.

Feieavgift: Årsgebyret for feiing og tilsyn byggjer på årleg feiing av eitt pipeløp. I mange kommunar er det ikke feiing og/eller tilsyn kvart år, her blir eit gjennomsnittleg årleg gebyr ført opp. Enkelte kommunar har årleg fast gebyr sjølv om feiinga/tilsynet ikkje er årleg, her er summen av dei årsgebyr som tilsvarar prisen for feiing og tilsyn av eitt piperør ført opp.

Eigedomsskatt: Berekna ut frå ein einebustad på 120kvm.

Prisane er oppgitt eks. mva, og tala er frå 2015.

(Kilde: ssb.no)

Eid kommune, her Nordfjordeid sentrum sett frå Åshamar, ligg midt på treet blant kommunane i Nordfjord når det gjeld kostnadsninivå på kommunale avgifter. Foto: Tormod Flatebø