I brevet til Eid kommune frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert det viste til søknaden til dei to kommunane, og at departementet har handsama søknaden og finn ikkje grunnlag for å tildela tilskott.

− Departementet kunngjorde i februar 2016  ei tilskottsordning til etablering eller forbetring av vegar, breiband og andre digitaliseringstiltak i kommunar som skal slå seg saman. For å kunne ta i mot tilskott må tiltaket vere i ein eller fleire kommunar som har vedteke samanslåing innan 1. juli 2016, heiter det i brevet der ein vidare viser til at Eid og Gloppen kommunar søkte om tilskott til utgreiing av ferjefri kryssing av Nordfjorden ved Anda – Lote.

Departementet viser til at tiltaket fell innafor tilskottsordninga, og ville fått støtte dersom kommunane vedtok samanslåing.

− Kommunane Eid og Gloppen har ikkje gjort gjensidige vedtak om å slå seg saman, og prioriterast dermed ikkje på noverande tidspunkt for å ta i mot tilskott. Det er i samsvar med avtala mellom regjeringspartia og Venstre på Stortinget om nytt inntektssystem for kommunane, sett av 100 mill. kroner i 2017 til infrastrukturtiltak i kommunar som slår seg saman.

− Dersom kommunar gjer vedtak om samanslåing på eit seinare tidspunkt, vil det vera høve til å søke om tilskott til infrastrukturtiltak òg i 2017. Departementet kjem tilbake med nærare  informasjon om ordninga for 2017 på eit seinare tidspunkt, heiter det i brevet til Eid kommune frå kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Brevet er underteikna av avdelingsdirektør Hans Petter F. Gravdahl (e.f.) og seniorrådgjevar Jørgen Teslo.

Gloppen sit med nøkkelen

− Vi tek svaret frå departementet til etterretning. Samstundes viser dette at tilskottet som vi søkte på var heilt reelt. Eid kommune ønskte ei samanslåing. Skal vi kome vidare er det no Gloppen kommune som med nøkkelen, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.