Gjengen frå Sunnmøre har funne seg ein oase ved sjøkanten ved småbåthamna der dei campar på sjette året. Her har dei partytelt, tre lavvoar og eit lite telt som base for festivallivet.

–  Malakoff er ein fantastisk festival. Det er eit nydeleg festivalområde og alt er på stell, seier sunnmøringane som er imponerte over den enorme dugnadsinnsatsen som blir lagt ned i bygda både før og under festivalen.

–  Det er så triveleg når det står ei bestemor bak disken og smiler til deg når du kjøpar øl, seier ein av dei. Alle tre er fulle av lovord over arrangementet, og meiner sjølv at dei har funne den aller finaste plassen i Eid.