– Så langt er om lag 85 % av billettane selde, opplyser Naustdal til Fjordabladet onsdag føremiddag. Til saman er det lagt ut billettar for sal til 22.000 publikummarar,  11.000 kvar av dei to dagane. I tillegg kjem dei under 12 år som går gratis.

– Det skal vere ein ung, hip og kul festival.  Vi jobbar for at det skal vere ok å ha med seg barn på festivalen, og vi er difor ganske strenge på å skilje barområde og alkoholfrie område, seier Naustdal.

På festivalområdet på Plassen er det meste allereie på plass. Dei to scenene ruvar i terrenget, og inngangsparti, salsboder og andre fasilitetar er stort sett klare, men framleis står det ein del arbeid att før alt er klart til storinnrykk fredag ettermiddag.

På årets festival er det laga eit kafeområde med bord og benkar midt mellom dei to scenene, med tak over i tilfelle regn, - eller sterk sol. – Solskjerming understrekar festivalsjefen. Utemøblar og tak er leigt inn frå Aktiv i Lom, dei same som har sett opp 37 lavvoar på Skipenes.
I år er det også laga eit eige område for publikummarar som sit i rullestol. Dei får plass på ein platting som er heva, og dette gjev langt betre utsikt til scena og festivalområdet enn ein har frå bakkenivå.
Familien Dahlgren/ Hjelle har allereie tek plass i amfiet. Dei er faste gjestar på Malakoff Rockfestival, og onsdag føremiddag venta dei på at dugnadsarbeidet til Eid svømmeklubb skulle starte opp. Frå venstre: Geir Hjelle, Mats Dahlgren Hjelle (8), Marte Dahlgren Hjelle (10), Laila Dahlgren og Line Dahlgren Hjelle (10).