Det blir sett opp ei ekstra nattferje frå Stårheim klokka 00.30 natt til søndag. Det vanlege er at siste ferjeavgang mellom Stårheim og Isane er klokka 22.25 frå Stårheim.

Marius Strømmen fortel til Fjordabladet at han fekk henvendelsar frå ungdommar om saka. I føremiddag klokka ti tok han ein telefon til fylkeskommunen, som viste han vidare til Fjord1 og Statens vegvesen.

På kort varsel klarte dei å få til ei løysing ved å strekkje seg maksimalt i forhold til regelverket når det gjeld arbeidstid og fri.

Marius Strømmen har sjølv tenkt å vere publikummar på Malakoff Rockfestival og gler seg spesielt til  Sivert Høyem og Matoma.

Strømmen seier til Fjordabladet at ein neste år under Malakoff vil prøve å få flytta første ferjetur søndag fram til i to- halvtretida om natta, slik at folk i Bremanger kan få med seg heile festivalen og likevel kome seg med ferja heim.