– Vi er stolte av fjordhesten. Den er ein del av identiteten vår. Vi vil gjere dei små litt bevisste på fjordhesten som også er i kommunevåpenet vårt, seier Janne Endal Andersson.

Onsdag 20. juli blir det dermed hestebæsjbingo i Eidsgata.  Eidsgata blir delt inn i 10 soner og så skal borna gjette kvar hesten bæsjar. På utekontoret til Eid kommune kan ein tippe og vere med på hestebæsjbingo. Vinnaren får ein ridetime på hestesenteret. I tillegg blir det andre premiar som Malakoff t-skjorte og t-skjorte med hest.

– Det blir veldig kjekt og morosamt. Borna får ei oppleving med fjordhesten og ikkje minst eit fysisk forhold til hesten, seier Andersson.