Fjordabladet har spurt Reksnes om kvifor Nordfjordeid har hamna i same divisjon som Øvre Årdal og Gaupne når det gjeld storleik på eventuelle kjøpesenter, og kva som er bakgrunnen for at ein ikkje her har like mogelegheiter som Sogndal og Florø for utbygging.

Ønske om harmonisering

Reksnes forklarer at dei endringane som er gjort i framlegget når det gjeld maks storleik på utbygging av handelssenter i Nordfjord, har bakgrunn i innspel frå Vågsøy kommune og Nordfjordrådet der det har kome fram ønskje om å harmonisere reglane for å likestille dei fire sentra Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn når det gjeld arealgrense.

For Eid sin del har grensa fram til no vore på 11.000 m2, medan dei andre sentra i Nordfjord har hatt ei avgrensing på maks 6.000 m2. Det nye er altså at alle dei fire nemnde sentra vert likestilte. Årdal og Gaupne får også auka grensa til 11.000 m2.

 – Ikkje hinder

Reksnes oppfattar ikkje framlegget som eit mogeleg hinder for utviklinga på Nordfjordeid.

– Slik eg oppfattar det vil dette ikkje få nokon konsekvensar for Moengården. Der er det ein godkjend reguleringsplan som ligg til grunn for utbygginga, og arealgrensa vil ikkje vere til hinder for å etablere endå eit nytt kjøpesenter på Eid på 11.000 m2, om nokon skulle ønskje det.

 – Men bør ikkje Eid ha same mogelegheit som Sogndal og Florø for utvikling innan handel?

– Eg oppfattar det slik at det som ligg i framlegget, som no er lagt ut på høyring, er i tråd med det som Nordfjordrådet har spelt inn. Sidan planen no ligg ute på høyring er det viktig at kommunane kjem med innspel om ein ønskjer andre retningsliner enn det som har vore spelt inn så langt. Fylkesutvalet skal deretter handsame saka på nytt før Fylkestinget gjer endeleg vedtak.

– Kvifor skal ein i det heile tatt ha arealavgrensingar?

– Alle fylkeskommunar må lage ein overordna plan for arealbruken med retningsliner i fylket. Det er eit krav i plan og bygningslova, forklarer Reksnes. Han fortel at den store diskusjonen i denne saka handla i fylkesutvalet om utbygginga på Brulandsvellene i Førde. Fylkesrådmannen frårådde utifrå analyser og konsekvensar å opne for ei storsatsing der, men fleirtalet av politikarane ville det annleis.

Legg opp til overetablering

Fylkesrådmannen skreiv mellom anna i si saksutgreiing  at handelsanalysen og konsekvensvurderinga viste at etablering av handelspark på Brulandsvellene ikkje er i tråd med behovet og den potensielle marknaden for handel i regionen.

«Etableringa vil føre til overetablering, noko som då mest truleg vil gå ut over etablert handel og då attraktiviteten i alle dei nærliggande tettstadane, inkludert Florø. Det vil då føre til vriding av konkurransesituasjonen internt i fylket. Det vil også kunne ha store negative konsekvensar for utviklinga av Førde sentrum som eit aktivt sentrum», skriv fylkesrådmannen mellom anna.

Dårleg jordvern

For Sp-politikaren Sigurd Reksnes var det omsynet til jordvernet som vog tyngst. Han liker dårleg plasskrevjande utbyggingar på jordbruksareal som det ein ser er gjort ved etableringa av Plantasjen, Sparkjøp, Biltema og andre forretningar i Førde. Dette er gjort på ein måte som krev enormt med jord.

  Skal ein byggje ned dyra mark, bør ein utnytte arealet best mogeleg. Store einetasjes bygningar med store parkeringsareal rundt harmonerer dårleg med jordvern, seier Reksnes.

Ikkje behov i Årdal

Det å likestille utbyggingspotensialet i Nordfjord-tettstadane vert av fylkesrådmannen vurdert å ha mindre verknad på faktisk utbygging.

Fylkesrådmannen peikar også på at konsekvensutgreiinga viser at det ikkje er behov for så mykje areal og at tilgjenge frå omgjevnadane er så avgrensa at det ikkje er grunnlag for så store utbyggingar at det er behov for å auke til maks 11.000 m2 i Øvre Årdal og Gaupne.

Førde, Sogndal og Flora

Gjennomgang av omsetningsstatistikk gjort av Asplan Viak viser at Førde har den største handelsomsetninga i Sogn og Fjordane fylke, etterfølgt av Sogndal og Flora. Omsetninga for dei tre kommunane utgjer til saman 45 % av samla omsetning i fylket, medan befolkningsmengde utgjer berre 30 %. Handelstilboda i Førde, Sogndal og Flora har soleis eit vesentlig større kundegrunnlag enn dei busette i eigen kommune.

I 2014 var omsetninga i Førde meir enn dobbelt så høg som for Sogndal og Flora til saman.  Andre kommunar med eit visst omsetningsomfang i fylket er Stryn, Eid, Vågsøy og Gloppen. Statistikken viser at sjølv om det er variasjonar undervegs i perioden, har alle kommunane i fylket hatt ein omsetnadsauke i perioden 2004 - 2014 sett under eitt.