Andor Hovden gler seg som ein unge til Malakoff. Han håper å få tid til å ta turen nedom dersom han ikkje må passe barnebarn heile tida.

– Kva er det du sjølv liker best med Malakoff?

– Alle snakkar om Iggy Pop. Eg har ikkje peiling, men elskar å vere der nede når dei spelar hard rock. Dette treng vi ein gong i året. Under Malakoff er det unntakstilstand på Eid. Det ser ut som om alle går på lykkepillen i ei heil veke, ler Hovden, som sjølv allereie no ser ut til å vere i topp Malakoffhumør.

Les meir om saka i Fjordabladet i morgon.