− Årsaka til dette er at vi ikkje vedtok ein økonomiplan i balanse for åra 2017-2019 før årskiftet 2015/2016.  Reglane er slik at økonomiplanen skal vise balanse for alle åra i planen. Viss ikkje, er ROBEK neste, skriv rådmann jan Kåre Fure på Gloppen kommune si heimeside.

− Situasjonen har oppstått fordi vi ikkje vedtok ein fullverdig økonomiplan sist vinter. Meininga var å ta igjen økonomiplanen før sommarferien. Vi skulle sjølvsagt ha ført inn bruk av disposisjonsfondet til å balansere dei tre siste åra i planperioden, så hadde alt vore i orden. No er dette for seint, og vi blir verande i ROBEK ut året. Det vil ikkje hjelpe oss å endre økonomiplanen no for å dekke inn ubalansen, skriv rådmannen.

− Etter rådmannen sitt syn er det er ikkje noko dramatikk i dette. Skulle så gale skje at vi ikkje greier å få balanse i drifta, har vi disposisjonsfond som er stort nok til å dekke ubalansen i planen. Til saman er det snakk om i underkant av 8 millionar samla for dei tre åra vi ikkje har laga ein fullverdig økonomiplan for.

Det vil ikkje ha noko praktisk betying for drifta av kommunen at vi no er ein ROBEK-kommune. Låneopptaket for 2016 er gjort. Viss ikkje, måtte vi ha fått Fylkesmannen si godkjenning på dette, skriv rådmannen som beklagar at kommunestyret ikkje vart gjort merksam på denne feilen.

− Då hadde vi spart oss turen innom ROBEK, skriv han.