Fleire pasientar blir kalla inn, men likevel er det færre som let vere å møte til oppsett time. Slik er det i alle dei andre Helse Vest-føretaka -  Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Bergen. Men aller klarast er tendensen i Helse Førde, som er det einaste av føretaka som ligg stabilt på under tre prosent ikkje møtt, melder Helse Førde på si nettside.

Frode Schanke er prosjektleiar for Alle Møter i Helse Førde, og er naturleg nok nøgd med at føretaket er heilt fremst i Helse Vest.

− Folk i fylket fortener skryt for å vere flinke til å møte fram til timane sine, seier Schanke som meiner det er fleire grunnar til at ein større prosentdel av pasientane faktisk stiller til oppsett sjukehustime.

Følgjer opp pasientane

− Eg kan nemne fleire årsaker, men generelt har nok det sterke fokuset i vår organisasjon på «ikkje møtt»-problematikken spela ei stor rolle. Poliklinikkane har lagt stor vekt på å følgje opp pasientane sine, timane har blitt synleggjort i nettportalen vestlandspasienten.no, vi sender ut påminnings på sms, både ved timetildeling og kort tid i forkant av timen. Vi er blitt betre på planlegging og tildeler timar direkte ved første kontakt, seier Schanke.

Første tertial i år var 68.859 pasientar inne til konsultasjon i Helse Førde. I same periode var det 1 657 som ikkje møtte til timen. At gebyret for manglande oppmøte er dobla frå 320 til 640 kroner trur ikkje Schanke har spela noko avgjerande rolle for framgangen.

− Eg trur ikkje folk spekulerer i å møte opp eller ikkje utfrå kostnad. Eg trur oppfølging og bevisstgjering rundt oppsett sjukehustime er meir avgjerande, seier prosjektleiaren til Helse Førde si nettside.

Meir enn berre godt oppmøte

«Alle møter» vart starta for fire år sidan, etter at det kom fram at årleg valde 82.000 pasientar i Helse Vestpasientar å ikkje møte opp til sjukehustimen. Prosjektet sette frå starten sterkt fokus på problematikken rundt oppmøte, for å få ned talet «tomme» sjukehustimar der heile team av medisinske fagfolk kunne sitje og vente på pasientar som ikkje dukka opp.

Men etter kvart har «Alle møter» utvida innsatsområdet, og omfattar i dag ei rekke tilbod og funksjonar som skal gjere det enklare for deg som pasient å tilpasse timen til din kvardag og dine planar.

Framtida er pasientens

I tillegg til det ein har jobbar Helse Vest kontinuerleg med nye løysingar som skal gje pasienten større valfridom og sjanse til medverknad, og blant mogelegheitene som vil  komme er opning for å kunne setje opp time og sjølv å kunne endre tid på oppsett time. Dette blir lagt opp i tråd med regjeringa sine intensjonar om å skape ei Pasientens helseteneste i framtida.

Ventetider

Parallelt med alt dette har prosjektet også hatt stort fokus på ventetidsproblematikken. Særleg det siste året har ventetidene for behandling i Helse Førde blitt drastisk redusert, og er no nede på 40 dagar i snitt. Dette er klart best i Helse Vest, og 25 dagar kortare enn regjeringa sitt nasjonale mål på 65  dagar, heiter det i meldinga frå Helse Førde.

Grafen viser talet på ikkje møtte til sjukehustime i 1,2, og 3 tertial i 2014, 2015, og første og andre tertial i 2016. Blå line viser utviklinga i spesialisthelsetenetsta i Helse Bergen, raud linje Helse Stavanger, grøn linje Helse Fonna og lilla linje Helse Førde. (Kjelde: Helse Vest RHF.) Foto: Helse Vest