Ei av dei heite sakene som var oppe til handsaming på det siste kommunestyremøtet i Eid før sommarferien, var nytt ventilasjonsanlegg på Eid Eldretun. Som dei fleste har fått med seg vedtok fleirtalet å utsetje installasjon av nytt ventilasjonssystem med kjøling inntil framtidig bruk av bygningsmassen var avklart.

Handla raskt

− Vi har no tinga persienner til Eid eldretun. Vi har bedt om at leverandør tek dette som hasteordre med leveringstid på tre veker. Vi har difor i vår bestilling føresett at arbeidet med solskjerming er ferdig utført til 22. juli, seier Torfinn Myklebust i ein epost til kommunestyrerepresentantane.

Stenge varmen ute

− For ukunnige er det litt vanskeleg å forstå skilnadane på solskjerming, kjøling og ventilasjon. Solskjerming og ventilasjon er vel heilt ulike ting - eller?

− Det er korrekt. Solskjerming og ventilasjon er to heilt ulike ting, men likevel litt av same sak.  Den saka kommunestyret hadde føre på sitt siste møte, var nytt investering i nytt ventilasjonsanlegg med moglegheit for kjøling. Dette vart det, som du kjenner til, ikkje fleirtal for. Vel å merke i påvente av ei avklaring på kva framtidig bruk av bygningsmassen på Eid Eldretun blir. For å få god kjøling er ein avhengig av å stenge ute varmen, difor er solskjerming naudsynt. Etter innspel frå kommunestyret  har vi valt å etablere ei lokal kjøling på kjøkkenet på Eid Eldretun. Dette gjer vi ved å ta ei relativ ny varmepumpe frå Prestealleen 33, som skal rivast, og remontere den på eldretunet. Varmepumpa vil der bli nytta til kjøling. Dette blir ei rimeleg løysing som vil betre forholda monaleg, seier Myklebust.

Jobbar vidare

− Kva skjer vidare?

− Når vi no får på plass solskjerming, og kjøling på kjøkkenet, jobbar vi vidare for å finne den beste løysinga i høve ventilasjon. Det er rimeleg sikkert at det kjem til å bu folk på Eid Eldretun i framhaldet, men at det blir ei ombygging frå sjukeheim til omsorgsbustader. Ei avgjerd på framtidig bruk blir tatt over sommarferien. Vi får også sjå kva ei ombygging vil bety før ein tek ei endeleg avgjerd om kva ventilasjonsanlegg ein vil ha trong for, seier Torfinn Myklebust som får ros for rask handtering av saka.