Fem millionar til fordeling

Den nye ordninga for tilskot til utsiktsrydding knytt til jordbrukets kulturlandskap er no fastsett med forskrift og eigne retningslinjer for Sogn og Fjordane. I 2016 er det fortløpande søknadsfrist ut året.

– Det gjeld å vere om seg, for det er første mann til mølla. No kan lag- og organisasjonar, og grunneigarar søke om midlar til rydding av utsiktspunkt langs ferdselsårar. Kommunen skal tilrå gode lokale prosjekt vidare til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Under jordbruksoppgjeret i 2015 vart det bestemt å etablere ei ny ordning for å gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. I mai i år vart det fastsett ei eiga forskrift for ordninga, og Sogn og Fjordane fekk tildelt ein pott på kr 5 000 000 som skal fordelast på ulike tiltak i 2016.

Gjengrodde kulturlandskap

Gjengroing er ei ulempe for landbruket, og kan svekke grunnlaget for den veksande reiselivsnæringa. Føremålet med tilskot til utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap er å medverke til utsikt og fremme verdiar knytt til landbrukets kulturlandskap. I tillegg er målet å gje klimagevinst ved å bruke rydningsvirke til bioenergiføremål.

– Ein vil sjå spesielt på nytte for både reiseliv og landbruk, der gjengrodd kulturlandskap kan gå tilbake til beiteføremål igjen, seier Bjørlo.

Området må vere av verdifull karakter

Områda som skal ryddast skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side, og søkarane må ha ein plan for tiltaket og vedlikehald av området, t.d. i form av beiting. I søknadshandsaminga vert det og lagt vekt på om ryddingsvirket kan nyttast til bioenergi (ved eller flis), om tiltaket er av verdi for nærmiljøet og kva effekt midlane har i det einskilde prosjekt. Regelverket for ordninga stiller også krav til omsynet til miljø, ryddemetode- og tidspunkt, og arbeidsvarsling.

Kven kan søke?

Alle føretak som er registrert i Einingsregisteret og som ønsker å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt kan søke på ordninga. Dersom søkar ikkje er grunneigar eller rettshavar, må det føreligge skriftleg løyve til tiltaket frå desse. Søkarane skal sende søknaden til kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunane sender si tilråding til Fylkesmannen, som gjer vedtak om tilskot.

– Mange trur kanskje at det er kommunen som skal søke om desse midlane, men det er det ikkje. Det er grunneigarar, lag- eller organisasjonar som kan få midlar til dette arbeidet. Vi oppmodar om at ein no kjenner si gjestingstid og skundar seg å søke om midlar, for det er som sagt første man til mølla som gjeld, midlane vert tildelt fortløpande, seier Bjørlo.

Fin Nordfjord, men vanskeleg å få auge på. Illustrasjonsfoto. Foto: Anita Ingebrigtsen
Illustrasjonsfoto. Foto: Anita Ingebrigtsen
Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. Foto: Anita Ingebrigtsen