I 31 år har LO si sommarpatrulje reist rundt for å besøke ungdom som er i arbeid, for å sjekka om arbeidsvilkåra deira er gode i høve lover og gjeldande avtaler. Sommarpatruljaer LO sin største og viktigaste aksjon i året, i følgje Øyvind Møller, Fagleg ungdomssekretær i LO.

– Det er viktig å sjekke arbeidsvilkåra for dei unge, slik at dei ikkje blir utnytta eller blir sett i farlege situasjonar, seier Møller som har tatt med seg to patruljar til Nordfjordeid. −Desse er her for å fortelje kva ungdom har rett på når det gjeld arbeidstid, overtidsreglar og pausar.

Må ta tak

I 1985, og dei første åra til sommarpatrulja, braut annan kvar bedrift som vart besøkt reglane i Arbeidsmiljølova. I dag er det for det meste mangel på arbeidskontraktar som er problemet. Det fekk LO sin sommarpatrulje sjå måndag 27. Juni då dei besøkte Vågsøy og Selje. Resultatet var 15,9 prosent brot.

– Det meste var mangel på arbeidskontrakter og arbeidsopplæring. Det må ein ta litt tak i, fortel Møller.

Det er hovudsakleg tre ting han meiner det er viktig å hugse på når ein er ute i arbeid.

– Dei unge som er ute i arbeid må må innsjå at det er viktig å skrive arbeidskontrakt, få lønsslipp og få god opplæring slik ein blir trygg i jobben.