– Vi utdannar innvandrarane som buset seg i kommunen vår med tanke på at dei skal ha framtida si i Eid, ikkje med tanke på at dei skal flytte herifrå, seier Åslaug Krogsæter, rådmann i Eid kommune.

Samrøystes

Bakgrunnen for vedtaket er at Noregs Mållag har sett i gang kampanjen «NyNorsk» for å få fleire kommunar til å skifte til nynorsk opplæringsspråk i vaksenopplæringa. Ordførar Alfred Bjørlo bad difor administrasjonen fremje ei sak om formelt å vedta nynorsk som opplæringsspråk i vaksenopplæringa i Eid kommune. Vedtaket vart gjort samrøystes i kommunestyret i Eid 22. juni 2016.

Beste måten

− Flyttar ein til ein ny stad, er det å lære det lokale språket den beste måten å bli raskt integrert på. Lærer foreldra det same språket som borna lærer i skulen, vert det også lettare for foreldra å hjelpe borna med leksene og forstå skriv og meldingar frå skulen, seier ordførar i Eid. Alfred Bjørlo (V).

Medvite forhold

– Eid nyttar allereie nynorsk i vaksenopplæringa i det daglege, men det er viktig å ha eit medvite forhold til kva språk vi møter nye innbyggjarar med. Dei læremidla som finst på nynorsk i dag er meir enn gode nok til å gje ei fullgod norskopplæring. Det gjeld både tekstbøker, ordbøker, lydbøker og digitale læremiddel, seier rådmann Åslaug Krogsæter.