Politiet i Sogn og Fjordane og brannvesen på Nordfjordeid rykte i ettermiddag ut til ein ulmebrann i ein privatbustad på Golvsengane på Nordfjordeid.

Vakthavande Rune Haugland i Eid brannvesen seier det ikkje var mykje å seie om denne utrykkinga.

– Det var ein pelletsomn i ein kjellar som røykla den, vi sette på ei røykvifte, lufta ut og reiste derifrå, ikkje nokon stor sak, seier Haugland.

Politiet melder seinare at ingen vart skadd, og at brannvesenet fekk slukka brannen raskt.