Asbot Kristof er 60 år, frå Budapest i Ungarn. Han flytta til Nordfjordeid i mars i fjor, etter å ha pendla fram og tilbake frå Budapest ei stund. Kona Beata Bekesi hadde fått arbeid som barnepsykolog spesialist i Barne og Ungdoms Psykiatrien på Eid, og var allereie flytta hit. Saman har dei to søner.

– Før eg flytta, lurte eg på kva eg kunne få til her på Eid. Eg har hatt eit komplett og svært interessant liv i Ungarn. Dei siste åra har forholda for offentleg tv produksjon endra seg i Ungarn, og eg var tvungen å finne nye utfordringar. Ønsket mitt er å lage gode dokumentarar, og det håpar eg å få til her i Norge også, seier Kristof.

Lagar film for slottseigar

Opphavleg starta Asbot Kristof utdanninga sin som interiørarkitekt, men har også arbeidd i Ungarsk public TV, i 20 år, tilsvarande NRK i Norge. Han har også arbeidd som lærar på universitetet i Budapest innan film og media, og driv framleis ein blogg i kontakt med sine tidlegare filmstudentar.

– Som filmskapar er bakgrunnen som interiørarkitekt ein god kombinasjon. Det er litt det same som å lage ein film. Det startar med eit behov, kjensler, så hardt arbeid der ei bygger opp bit for bit til det ferdige resultatet. I dag er verda så lita, og det er ikkje noko problem å sitte her på Eid, å arbeide med filmprosjekt andre stader i verda. Nett no er eg i gang med ein film til ein slottseigar i Sveits, seier han.

Verdsklasse over Eid

Då han kom til Eid, vart han kjend med Olga Pavlova som igjen introduserte han for Kari Pavelic. Det var slik samarbeidet kom i gang om å lage filmar til førestillingar i Operahuset.

– Eg vart overraska over den høge kvaliteten på arbeidet deira. Eg trur ikkje nordfjordingane heilt forstår at nivået deira er heilt i toppsjiktet i verda. Etter å ha blitt kjend med Kari, fekk eg lov og tillit til å lage ein film frå øvingane og framsyninga av «Spelemann på Taket». Det likte dei godt, og eg fekk halde fram med det.

Sidan har det blitt mange filmar, og betalte oppdrag. På YouTube finn ein fleire av filmane hans frå kulturskulen, Beethoven 9 symfoni, Elskhug og Eksis, Jul i Eid, 17. mai og mange fleire.

Vener fortalde om Norge

– Ungarn er eit lite land som har gjennomgått store forandringar dei siste 20–30 åra, frå diktatur til demokrati. Og no verkar det som om politikarane vil tilbake til diktaturet igjen. Det blei vanskeleg for meg å produsere truverdige TV-produksjonar, som eg kunne vise til mine studentar som gode eksempel. Eg håpar eg får til å filme her i Norge, eg vonar det vil bli populært, nyttig og ei profesjonell løysing. Kanskje eg ein dag kan vise filmane til dei norske studentane også.

Då vener fortalde om korleis det er her i Norge, og dei mulegheitene som finst her, bestemde kona mi seg for å lære norsk, og byrje å søke jobbar i Norge. For to år sidan ringde ho meg frå Nordfjordeid, og sa at her var det så flott, og her hadde ho fått jobb, fortel Kristof.

Han arbeidde i Ungarsk TV gjennom dei 20 åra med store politiske endringar i Budapest, men dei siste åra er ting blitt vanskelegare å få til i heimlandet.

– Eg kom hit i mars i fjor, og var usikker på kva framtida her ville bringe. Men no etter å ha blitt betre kjend med det norske systemet, kulturen og folket ser eg fleire og fleire mulegheiter til å «finne meg sjølv» igjen, og lage gode dokumentarar herifrå.

Spennande filmprosjekt

I 30 år har Asbot Kristof drive med film, og i desember kjem han også ut med ei bok, saman med ein ven som er fotograf. Boka kjem ut i Ungarn og handlar om «Media nett, og storytelling in Internett».

– Halve boka består av tekst, og den andre halve av bilde frå kollegaen min. Bilda seier mykje meir enn tekst. Auken i media, og mediebruk har vore radikal dei siste 40 åra, og hatt ei veldig bratt kurve. I dag kan vi komme i kontakt med alle via nettet. Alle kan lage film på mobilen sin, og publisere det på nett. Det er ikkje lenger slik at ein må ha eit stort publikum for å lage ein film.

No kan ein like godt lage film for berre ein person. Dette nivået er veldig spennande å utforske, seier han.

Sjølv har han blitt fasinert av mangfaldet av historier som finst i nærmiljøet i Nordfjord. Og han har svært lyst til å lage ei rekke filmar frå til dømes: Vingen, bildearkivet til Einar Lunde, historia om målaren William H. Singer som grunnla Nordfjord sjukehus. Men også film om Stadt Skipstunnel, Lefdal Gruver, Vågsberget berre for å nemne noko.

– Det er eit utal av mulegheiter, og eg ser føre meg mykje arbeid dei neste 10 åra, eg vil vere yrkesaktiv. Planen er å bli buande her. Vi trivst godt, det er roleg og fredeleg her i forhold til det hektiske livet i Budapest som tiltalar oss, seier han.